lørdag 14. oktober 2023

Formannskap 17.okt 2023

Referatsaker:

RS 2023/33 Legionellasikring installert på Skjåkheimen
RS 2023/34 Referatsak - Bruk av ekstraløyving til uteanlegg i Bismo sentrum sumaren 2023.
RS 2023/35 Protokoll med vedlegg fra Gudbrandsdalstinget 5. og 6. oktober 2023

Politiske saker:

PS 2023/91 Førebyggande plan for oppvekst i Skjåk kommune
PS 2023/92 Hastetiltak etter uværet "Hans"
PS 2023/93 Kommunale gebyr 2024
PS 2023/94 Startlån
PS 2023/95 Skjåkprisen og Kulturstipend 2023 (unnateke offentlegheit)

Les sakene.

Sak 91-94 skal også handsamast i Kommunestyret 26.oktober.

fredag 6. oktober 2023

Valg i Kommunestyret


Formannskap

Edel Kveen SP, ordfører
Kristen Haugen Dagsgard SP, varaordfører
Morten Kielland BL
Stig Erlend Banken AP
Anna Krogstad SP

Hovedutval Miljø og Samfunn
Elias Sperstad SP, leiar
Astrid Gjertsen BL
Mogunn Synstnes SP
Geir Falling SP
Nils Henry Fosstuen AP

Hovedutval Oppvekst Omsorg Kultur
Roger Haugen SP, leiar
Tom Andre Hånsnar BL
Trine Sanden SP
Ola Løkken SP
Eva Therese Hyrve Bosmen AP

Bygdalista tok ansvar og sørget for rett kvinneandel i Hovedutval Miljø og Samfunn.

Bygdalista meiner at det demokratisk rette var å fordele representanter etter valgresultatet som var 53,9% til SP. Det ville gitt 8 representanter til SP og 7 til opposisjonen i utvalgene. Etter krav fra SP, fikk de 60% av representantene i utvalgene. (Etter Valglova hadde de rett til å bruke makt og kreve det.)

Kommunestyret
Bygdalista fikk inn 5 representanter i Kommunestyret:

Morten Kielland
Bernt Dahl
Tom Andre Hånsnar
Anna Kvåle
Astrid Gjertsen

mandag 18. september 2023

Gode gutter profilerer god ost

På bildet ser du orførarkandidater før valet frå Lom og Skjåk, som vil slå eit slag for å at TINE skal halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsost her på grensa mellom Lom og Skjåk.

Eg veit ikkje heilt når, men det var tidleg at brunosten var på brødskiva. Eg veit vi fekk ho kvar formiddag på skiva på hytta på Lesjaskog med ein liten klatt rørt tyttebær eller jordbær på. Det var saker det! Det må ha vore brunost frå Lom og Skjåk Ysteri, for ho brakk ikkje av i kanten når mor skar ho. Gudbrandsdalsost blir produsert fleire stader, men det er berre osten frå Lom og Skjåk som ikkje brekk i kanten.

Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir grytekokt slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike konsistensen og smaken. Det sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur.


 

tirsdag 12. september 2023

La G35 Leve i Lom og Skjåk!

Onsdag 27. september skal styret i TINE behandle ei innstilling om kvar Gudbrandsdalsosten skal produserast i framtida. Det betyr at produksjonen i Gudbrandsdalen står i fare for å bli lagt ned. Innstillinga er utarbeida av ei prosjektgruppe i TINE, med ei anbefaling dei ikkje vil dele.  

Vi synes det er spesielt synd at ein samvirkeaktør som TINE ikkje er meir opne og let bønder som er eigarar av TINE, dei tilsette ved ysteriet i Lom og Skjåk, lokalbefolkninga og heile det norske folk få innsyn i grunnlaget før avgjerdsla blir fatta.

Dersom TINE vurderer å legge ned produksjon av Gudbrandsdalsosten i nettopp Gudbrandsdalen, kva sitt vi att med da? Berre ein heilt vanleg ost, utan moglegheit til den viktige historieforteljinga som gjer at den framleis er ein viktig del av nordmenn sitt liv, vår kulturarv og vår tradisjon.  Det som gjer at den har sin faste plass på alle frukostbord, og i dei fleste matpakker.

Aksjonen i 2010/2011 vant fram
«La G-35 Leve!» var ei av Norges fyrste folkeaksjonar i sosiale mediar. Meir enn 51 000 nordmenn over det ganske land, og relativt mange også i utlandet, sa høgt og tydeleg ifrå om at dei ynskjer å bevare vår nasjonale stoltheit. Den ekte Gudbransdalsosten, noko av det «norskaste» og «stoltaste» vi har. Norge treng ikoniske merkevarar og produkt som tek vare på og styrker vår identitet. Den ekte Gudbransdalsosten har denne krafta!

Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir produsert i ei gryte slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike smaken, det som sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur. Som Arne Brimi så treffande sa det på Gudbrandsdalsosten sin dag 17. mars 2021; «God rauost kan du ikkje lage på PC.»

Ny kamp for Gudbrandsdalsosten
Vi håpar TINE forstår at vern om vår nasjonale stoltheit er akkurat like viktig i dag som det var for 12 år sidan, om ikkje viktigare. Vi, og mange med oss tykkjer dette er så viktig at vi har bestemt oss for å ta opp kampen for å sikre produksjon av den ekte Gudrandsdalsosten, der den høyrer heime. Det betyr at vi bles nytt liv i Facebook-sida og aksjonen «La G35 Leve!».

Vi håpar på stort engasjement og at heile det norske folk viser si støtte til Gudbrandsdalsosten og fortel leiinga og styret i TINE kor viktig det er at dei tek vare på vår nasjonale stoltheit.

I desse valtider er det også verd å merke seg den breie politiske einigheita om kampen for den ekte Gudbrandsdalsosten. Både dagens ordførarar og samtlege ordførarkandidatar stiller seg bak kravet om at Gudbrandsdalsosten må produserast i Gudbrandsdalen dersom den framleis skal vere vår nasjonale stoltheit og merkevarebyggjar av norske verdiar og tradisjonar.

Det handlar om noko som er større en oss sjølve. TINE er mjølkebonden sitt selskap, og er det noko den norske bonden er god på så er det å tenke langsiktig. Det same skal vi gjere. For eigarane våre. For Norge.

Dette er TINE sin visjon. La oss håpe at dei framleis lyttar til, og respekterer viljen til det norske folk. «La G-35 Leve!» i Gudbrandsdalen!

Oppropet er signert av:
Lom kommune
Ordførar i Lom: Bjarne Eiolf Holø
Ordførerkandidatar i Lom:
Bjørn Ola Aukrust, AP
Kristian Frisvold, Bygdalista
Kjell Brandsar, Lomsliste
Magnus Bø, SP
Frøydis Ø. Marstein, Tverrpolitisk liste

Skjåk kommune 
Ordførar i Skjåk: Edel Kveen
Ordførarkandidatar i Skjåk: 
Stig Banken, AP 
Morten Kielland, Bygdalista 
Edel Kveen, SP

Tusen takk til alle i Skjåk som har røysta på Bygdalista


5 representantar er bra. 

Kva skjer i ettermiddag? Slengarar og personrøyster skal endeleg tellast, og vi får vite kven som kjem inn i kommunestyret. 8 av representantane i dag var ikkje på val no, så halve kommunestyret blir nytt.

Uansett korleis det går, så går det greit for min del. Skjåk si styrke er samarbeid. Det har vore 4 fine år, med både medgang og motgang. Eg skal arbeide for det beste i Skjåk i opposisjon.


lørdag 9. september 2023

Dønfoss og utvikling

Takk Kristen Haugen Dagsgard for ditt innlegg om datasenter i Fjuken 8.september. Eg veit at du er skeptisk til datasenter på Dønfoss og vil utvikle Dønfoss. Her vil eg komplettere historia med protokollen frå Formannskap og protokollen frå Kommunestyre

14.feb 2023 i Formannskapet
Forslag frå meg i Bygdalista: Reguleringsplanen skal inkludere heile Dønfoss. Saken blir lagt fram att for å få ein moglegheitsstudie på Dønfoss og fastsetting av grenser for planområde. Datasenter skal ikkje vere eit formål for etablering på næringsområdet.

Forslaget falt med berre min stemme for. Men vi skal ta med oss at Kristen snakka positivt om ein moglegheitsstudie på Dønfoss.

Forslag frå Kristen Haugen Dagsgard i SP: Godkjenning av reguleringsplanen for Øyberget under føresetnad om at datasenter blir teke ut som formål for etablering. Gjeldande formål for etableringar blir næringsverksemd med hovudvekt på lett industri, verkstad og lager som gir lite støybelastning og støvutslepp mot omgjevnaden. Innanfor ei periode på 5 år skal det gjerast ei evaluering av reguleringsformål for området.

Forslaget frå Kristen Haugen Dagsgard vart vedteke mot 2 stemmer frå SP og AP. Det var da det beste Kristen og eg kunne få til.

23.februar i Kommunestyret
Fleirtalet i kommunestyret vedtok 23.februar i år å regulere Øyberget næringsområde, noko som kan bety at dei er eit steg nærare eit datasenter i Skjåk. Mindretalet stemte for  framlegget frå Kristen Haugen Dagsgard om å ikkje tillate datasenter. 

Fleirtalet med 9 mot 8 vedtok at eit datasenter kan etablerast på området etter desse reglar:

  • Etiske retningsliner for etablering i planområde må godkjennast av Skjåk kommune. Dei skal bli innlemma i framfesteavtala.
  • Alle ynskje om etablering i planområdet skal politisk handsamast i Formannskapet. Ved eit eventuelt datasenter skal følgande regler gjelde og vera tilknytt framfesteavtala: 
  • Støy innafor grenseverdiane, men som likevel skaper sjenanse, skal løysast.
  • Bygningens skal ikkje skape unødig visuell «forureining».
  • Eit datasenter skal har ein plan for gjenbruk av mest mogleg spillvarme.
  • Eit datasenter skal har ein plan for verdiskaping og arbeidsplassar.
  • Det skal ikkje utvinnast kryptovaluta.

Det var spillvarme og kryptovaluta som mindretalet 2 frå BL, 4 frå AP og 2 frå SP, var skeptiske til. Spillvarmen frå den eine interessenten som har vore i biletet, tilsvarande energiforbruket i alle bustader i Ottadalen. På folkemøtet på Dønfoss sa interessenten at ein tredjedel truleg ble kryptovaluta.

Så langt eg veit er det dette som kan skje no:
Senterparitet, Bygdalista og Arbeiderpartiet har alle programfesta ein moglegheitsstudie og framtidig utvikling av Dønfoss-området.

  • Kommunen skal feste arealet på 112 da frå Øvre Otta DA og Skjåk Almenning.
  • Kommunestyret skal godkjenne etiske retningsliner for etablering. Retningslinene  skal bli innlemma i framfesteavtala mellom kommuna og tomtesøkar.
  • Kommunestyret skal finansiere utbygging av veg, vatn og kloakk for området.
  • Kommunen skal utlyse anbod på utbygginga.
  • Ein entreprenør skal byggje ut næringsområdet med vatn, veg og kloakk med kommunen som byggherre. 
  • Dersom eit datasenter søker, skal avtalen om framfeste handsamast av Formannskapet.

Er det aktuelle søkarar?
Fjuken har prøvd å få innsyn i prosessen rundt interessentar.
Så vidt eg veit har verken politikarar eller bygdafolk kjennskap til dei som er interessentar, eller korleis arbeidet føregår. Unntaket er den eine interessenten som heldt foredrag på folkemøtet på Dønfoss.


torsdag 7. september 2023

Datasenter i Skjåk: Det som er presentert som moglege løysningar, er ikkje særskilt tillitsvekkande

 Ditt og data

For en generasjon siden, var dette
datasenteret for Norddalen
Eg trivst godt med den digitale verda. Eg frydar meg over alle tenester som blir digitaliserte, brukar aktivt sosiale media av ymse slag, og er ein storforbrukar av forskjellige applikasjonar. Det som gjer livet lettare, eller tenester betre, famnar eg hjarteleg om. Eg er nok litt meir atthalden om alle SOME-kanalar gagnar menneskeheita, men den totale rekneskapen vil eg påstå endar på pluss-sida. 

Utviklinga går i ein forrykande fart, og når ein ser kor mykje som skjer i feltet rundt kunstig intelligens, spår eg at verda om 10 år ikkje kjem til å vera attkjennande for dei fleste av oss. Det er berre å hengje på for harde livet. 

Saman med utviklinga og auka digitalisering kjem og nauda for meir lagringsplass og prosesseringkraft, og da kjem vi inn på debatten om plasseringa av eitt datasenter i Skjåk. Du har vel ikkje gløymt den? 

Bygdalista tok tidleg eitt klårt standpunkt i denne debatten, og er både særs skeptiske og horveleg negativt innstilte til det som har vore presentert. Det eg synest er viktig å få fram er at BL ikkje er nokon motstandar av datasentre på generelt grunnlag. Det kan vera eitt positivt tilskot i ei bygd, og moglegvis vera noko vi alle ynskjer velkomen. Men vi må ta lærdom av kva som skjer både norda, og synna tunnelane. Dei siste åra har lokalavisane rundt om vore jamne med artiklar om nyoppretta datasentre i forskjellige små, og store kommunar som absolutt ikkje blei noko å smelle på framsida til kommunenettsida. Profesjonelle seljarar tvinnar småkommunar rundt vetlefingeren. Dei blendar oss med lovnadar om arbeidsplassar og gode inntekter, og førespeglar ei framtid der nett vi skal bli sentrum i ein digital revolusjon som verkeleg sett oss på kartet. I røynda risikerer vi å ende opp som grannane våre lenger nedover dalen med ein konteinar rigga for utvinning av kryptovaluta, ei enorm tapping av sårt trengde kraftressursar med tilhøyrande utslepp av spelvarme, inntekter som forsvinn ut av landet, og sit att med ingen nye arbeidsplassar, litt slettare omdøme og tilnærma null samfunnsverdi. I regjeringa sin rettleiar for etablering av datasentre (denne bør du ta ein glytt på), er dette nemnt som eitt konkret eksempel:

Einskilde norske kommuner har seld tomt til prosjekt som seinare har skifta føremål, for eksempel frå å tilrettelegge for etablering av eit «hyperscale» datasenter med fleire arbeidsplassar og tydelege ringverknadar, til rein kryptoutvinning med særs få arbeidsplassar. Då er det viktig at kommunen ved høve har etablert ein god gjenkjøpsavtale med tydelege kriterium for kva som utløyser moglegheita for gjenkjøp.  (www.regjeringen.no)

Det er lukkelegvis ikkje prat om noko sal av tomt i dette høvet, men eg kjenner meg likevel usikker på om ei kommune verkeleg kan sikre sitt høve til å kunne etterprøve at ein aktør held seg innafor sette rammer når dei fyrst er komne i gang. 

Det som til no har vore presentert som moglege løysningar i Skjåk, har ikkje vore særskilt tillitsvekkande. Argument som lagring av sensitive data blir fort sabla ned, da førespegla infrastruktur ikkje kan handsame dette. Problemet med spelvarmen blir freista feia bort med algeproduksjon, som i røynda vil vera enda meir energikrevjande. Det blir sagt at det ikkje er mogleg å utvinne kryptovaluta i eitt slikt anlegg, noko fagfolket avslørar som, i beste fall, ei sanning med modifikasjonar. Alt dette kom fram på informasjonsmøtet tidlegare i år (som i seg sjølv var eitt skjerandes godt tiltak).

Bygdalista meiner at ei eventuell etablering av eitt datasenter, eller datalagringssenter, ikkje bør hastast fram. Det må gjerast eitt grundig arbeid i førekant som sikrar at eitt slik prosjekt vil både vera berekraftig og føremålstenleg for bygd, nasjon og framtid. Og det må sjølvsagt vurderast om innbyggjarane ynskjer det hit i det heile teke. Det er og nett no eitt endringsforslag av ekomloven, og ekomforskrifta på høyring som inkluderar ei betre datasenterregulering, og høgare sikkerheitskrav til alle aktørar som moglegvis kan vera ei støtte for nye datasenterkommunar i framtida.

Fram til da vil eg nytte høvet til å oppmode alle til å heller gjera ein liten innsats sjølve. Rydd i e-postane dine, meld deg av reklameutsendingar,  vurder om du treng å poste den same dansevideoen på TikTok 10 gonger, og slett duplikata av feriebileta dine. Kanskje vi kan nytte denne datalagringsplassen til noko anna?

Tom André Hånsnar, 3. kandidat for Bygdalista i Skjåk


mandag 4. september 2023

Moglegheitsstudie for Bismo og kommunal informasjon


Kommuna inviterte til folkemøte 25. april på Ungdomsskulen. Der ville kommuna vite kva folk meinte om den fysiske utforminga av Bismo.

Eg meiner at det krev at kommuna informerer skikkeleg om framdrifta i saka. Da er det merkeleg at ikkje kommuna har lagt ut Planbussen sitt arbeid på sine heimesider. 

Vi fekk eit snart 3 månader gamalt brev som referatsak i siste kommunestyremøte. Merkeleg nok lå ikkje brevet offentleg på kommuna sine heimesider, men det lå på Ipaden til oss folkevalde. Her fortel Lom og Skjåk Plankontor om framdrifta til moglegheitsstudien.  

Da får eg fortelje om framdrifta for planarbeidet i Bismo
Det var tverrpolitisk einigheit om planarbeidet i Bismo.
Selberg Arkitektar AS fekk i januar 2023 oppdraget frå Skjåk kommune med å utarbeide ein moglegheitsstudie og trafikkanalyse for Bismo. 

  • Arkitektstudentar frå NTNU/Planbussen var i Bismo i vår.
  • 25.april var det folkemøte.  
  • 1.juni var det framvising av Planbussen sitt arbeid på kommunehuset. Så vidt eg kan sjå var dette ikkje annonsert.
  • 12.juni var det statusmøte for kommunen med Selberg arkitektar. 

Synfaring, ope møte, møte med aktørar, spørjeskjema, skisser og ide-boks på biblioteket, e-post og anna ligg nå til grunn for sluttrapporten av moglegheitsstudiet. 

Sluttrapporten skal ha

  • illustrasjonar og 3D-modell av Bismo. Stikkord: mobilitet, fartshierarki, funksjonsfordeling, sambruk, attraktivitet.
  • Ein scenarie: Bismo i 2050.

Moglegheitsstudiet skal danne grunnlaget for sjølve reguleringsplanen for Bismo. Når folk på folkemøtet ble invitert inn i prosessen, så bør det vere naturleg at dei løpande blir orientert på heimesida til kommuna. 


onsdag 30. august 2023

Bygdalista vil styrke næringslivet i Skjåk

Skjåk har ei lang historie med vellykka industribedrifter. Frå etableringa av Skjåk Snekkeri, til Bismo Industrier og vidare til Interfil, har desse bedriftene vore særs viktige i å forme Skjåk til ei robust industrikommune. I kjølvatnet har det kome til andre bedrifter som SEBB og Glasopor, som også bidreg til å gjere Skjåk til ein viktig næringsaktør. Landbruksnæringa i Skjåk er godt kjend for si evne til omstilling og gode samarbeidsløysingar. I tillegg til dei store industribedriftene og landbruket har vi  mange mindre føretak innan til dømes matproduksjon og reiseliv. Ein stor andel av desse er sesongbedrifter med drift kun i delar av året.

Samarbeid mot sentralisering
I fleire tiår no har regjeringar både til høgre, i sentrum og på venstresida gjennomført sentraliseringspolitikk som har vore til stor skade for utviklinga i distrikta. Gardsbruk blir nedlagt, arbeidsplassar blir flytta til såkalla større fagmiljø i byane og ungdommen kjem seg ikkje attende til heimbygda fordi det ikkje er arbeid til dei. Vi meiner at Skjåk si historie med utvikling av industri og samarbeid i landbruket har vist at sentraliseringspolitikken med hell kan motarbeidast. Vi har gode fagmiljø her i bygda som kan utviklast lokalt viss det trengs. Bygdalista støttar ikkje å legge ned eller flytte arbeidsplassar ut av Skjåk.

Arbeidskraft og arbeidsplassar
Ein av dei mest akutte situasjonane vi står i, er det synkande talet på innbyggjarar i arbeidsfør alder. Det er vanskeleg å rekruttere til enkelte stillingar, men det er og mange som opplever at det ikkje er passande jobbar å søke på. Bygdalista vil derfor arbeide for at Skjåk ikkje berre beheld arbeidskraft og tiltrekk seg ny, men og at det skapast nye og attraktive arbeidsplassar. Vi ser mellom anna på å stimulere til overgang frå deltids- til heiltidsarbeidsplassar, og korleis vi kan støtte sesongbedrifter i å bli heilårsføretak til dømes gjennom ulike samarbeidsløysingar.

Næringsnettverket: Samarbeid for framtida
Næringsnettverket har eit forprosjekt som ser på korleis ulike delar av næringslivet i Skjåk kan arbeide saman for langsiktig suksess, t.d. samarbeid innafor sektorar som landbruk, bygg og anlegg eller turisme/reiseliv. Bygdalista trur det ligg eit stort potensiale her og støtter dette initiativet fullt ut. Vi har som mål å vere ein aktiv bidragsytar i nettverket.

Næringsfondet
Skjåk kommune sitt næringsfond har allereie gjort mykje for å stimulere til nyetableringar og utvikling av eksisterande bedrifter. Bygdalista vil fortsette å bruke dette fondet som eit verkemiddel for utvikling, men vil også fokusere på å støtte samarbeidsprosjekt og tiltak som kan fremme heiltidsarbeidsplassar.

Billingen seterpensjonat

Fleire næringsprosjekt
Vi vil arbeide for fleire lokale næringsprosjekt. Til dømes for utvikling av tilleggsnæring i landbruket eller for å vidareutvikle lokalmatproduksjon. Grunnlaget i Skjåk er godt og mangfaldig. Bygdalista vil støtte Næringsnettverket og nytte kommunale ressursar til oppstart av fleire prosjekt innan industri, bygg og anlegg, landbruk, reiseliv og privat tenesteyting.

Vår plan for arbeid og næring
Vi må finne løysingar på korleis vi kan motivere unge til å ta over garden, fylle ledige stillingar i offentleg sektor og tiltrekke oss kvalifisert arbeidskraft til private bedrifter. Vi må vidareutvikle eksisterande bedrifter og hjelpe til med å skape nye. Bygdalista vil bruke ei heilskapleg tilnærming for å angripe desse spørsmåla.

tirsdag 29. august 2023

Barn og ungdom

Eg ble tidleg med på fotball, skøyter og anna sport. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet» med merking av 200 km stigar, vegar for skiløyper og brosjyrer for stig, fiske og kulturminner. Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi.

Det er friluftsliv og sport med barn som har teke mykje av mi tid. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting, i kulturskulen og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på politisk siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom. 

Gje barna innhald på fritida
Eg kjem til å støtte idrett og friluftsliv for barn og ungdom. Undersøk gjerne tilbodet til dømes hjå Pistolklubben, Jeger og fisk, dei ulike idrettane i Skjåkhallen eller skigruppa som alle blir drevet av ildsjelar/foreldre. Det er mange fleire som kunne vore nemnt.

Frå Bygdalista sitt program:
 - Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
 - Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
 - Støtte Skjåk Friviljugsentral

Friviljugsentralen jobbar for å få til eit ungdomshus som kan huse mange aktivitetar og vere eit stad for alle. Her kan dei unge få møte dei eldre som nyttar staden. 

Dette vil gje eit meir komplett innhald for dei yngre. 

Ta ein tur dit og sjå deg om. Det er rein inspirasjon.

Held på kontakten med barna
Næringsnettverket i Skjåk har vore i Stryn, på Åndalsnes og på Oppdal. Næringsakademiet i Stryn satsar på kontakt med barna frå tidleg alder, fylgjer dei opp med tilbod gjennom ungdomstida, under utdanning og når dei er etablert som vaksne ofte ein annan stad. Da får dei rekruttering til næringslivet i bygda, for mange vil heim att. Det gir den beste marknadsføringen ein kan oppnå og gode ambassadører for bygda.


søndag 27. august 2023

Arbeidsplassar og beredskap i Skjåk Energi

Sal/fusjon   

Ljos over Bismo

I fleirtalsvedtaket til SP i november i fjor om «vegval for Skjåk Energi (utanom Skjåk Vasskraft)» heiter det sal/fusjon. Eg har sett i det siste at nokon kallar det omstrukturering, samanslåing eller fusjon. Eg trur folk flest kallar det det same som meg, nemleg sal av SkiaakerNett, Aursjokraft og Skjåk Energi Entreprenør.    

Arbeidsplassar
Men namnet på dette har jo ikkje noko å seie for veljarane. Det som verkeleg betyr noko, er kva styret i Skjåk Energi tilrådde og SP slutta seg til: «Styret er klar over at ei slik omstrukturering på lengre sikt mellom anna kan redusere talet på arbeidsplassar i Skjåk…»

Eg forstår ikkje SP som kjempa knallhardt og godt for arbeidsplassane på Ysteriet, og ikkje no med Skjåk Energi. Kvifor ikkje same glød når det gjeld Skjåk Energi. 

AP og Bygdalista kjemper for Skjåk Energi. 

Beredskap
Dei tilsette kjenner kvar stolpe, kvar line og kvar kunde. Når uveret kjem er dei ute med ein gong og rettar feil. Raskt og effektivt med nærleik og all den detaljkunnskap dei har. Eg kjenner med trygg med Skjåk Energi i ryggen. 

Det vil komme fleire uver.  

Produktet
Skjåk Energi er eit verdifullt selskap for oss i Skjåk. Dei har fantastiske produkt som vi nesten gløymer i kvardagen. 

  • Eit godt utbygd straumnett som leverer oss rimeleg straum. 
  • Eit hundre prosent utbygd fibernett der vi får levert internett og anna digitalt innhald. 
  • Dei har ein oppetid mange vil misunne oss.

Kva nå?
AP og Bygdalista ynskjer ein prosess med bedriftsutvikling av Skjåk Energi lokalt. 


mandag 21. august 2023

Dønfoss og fokus på dei som bur og driv næring


Det som er viktig for veljarane er at både Bygdalista og SP har Dønfoss i programmet sitt. La nå vår krangel om kven som var fyrst ligge. Det har ikkje noko å seie. 

Det som betyr noko for veljarane, er at vi setter folk og næring på Dønfoss fyrst. Eg veit at AP seier det same.

Eg er berre positiv til at også SP vil vere med på laget om å styrke Dønfoss. Sjå kva Astrid Gjertsen har skrevet her om Dønfoss. Eg er lei av fokuset på datasenter på Dønfoss og alt det ville gje av plagar for folk. No er eg sikker på at vi skal få fleirtal for å sette fokus på dei som bur og driv næring på Dønfoss. 


lørdag 19. august 2023

Senterpartiet vil selje Skjåk Energi

Ja, du høyrte rett; dei vil selje Kraftverket.

Rett skal være rett; SP fekk fleirtal for å utrede sal eller fusjon av Kraftverket i generalforsamlinga (kommunestyret) rett før nyttår mot Bygdalista og AP. Men det er vel liten tvil om at det er sterke krefter i SP som ynskjer sal. Saman med seg har dei styret og leiinga i Kraftverket. 

Dei vil selje eit fullt utbygd straumnett i Skjåk som vi har betalt høg nettleige for å få på plass.
Dei vil selje eit fullt utbygd fibernett i Skjåk. 
Dei vil selje deg og meg som kundar hjå Aursjokraft. 

Framtida
Bygdalista lurar på korfor. Det dei seier sjølve er at framtida blir vanskeleg. Det har nemleg økonomi-konsulenten til styret rekna ut. Er framtida verkeleg så vanskeleg med eit godt utbygd straumnett, fibernett og 2000 kundar? 

Det var pengesløseri av SP å bruke millionar på å utrede sal av Kraftverket, og utrede eit mogeleg datasenter på Dønfoss. Bygdalista meiner at planen om eit datasenter var ein del av strategien for sal av Kraftverket. 

Alternativet er å utvikle Skjåk Energi

Dammen til gamle Måråe kraftverk

Det var skilling som Bygdalista ville brukt på å utvikle Skjåk Energi for å ruste selskapet for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, lokal styring, lokal beredskap og utbytte til kommuna. Det kan vi framleis gjere.

Arbeidsgruppa
Eg er valt til å sitte i arbeidsgruppa for å utrede salet saman med ordføraren. Og eg skal fylje mi plikt. Eg vil gjere det beste ut av det for å få eit så godt grunnlag som mogeleg. Så skal generalforsamlinga ta avgjerd utpå hausten. Slik er demokratiet vårt. Men det betyr ikkje at eg og Bygdalista er einige i sal av Skjåk Energi. 

Tett lokk på informasjon
Heile prosessen er underlagt teieplikt. Ingen får vite noko utanom det advokaten og styreleiaren vil informere om for kommunestyret. Ingen i bygda får vite noko før saka skal handsamast i generalforsamlinga som er kommunestyret. 

Men vi veit at det krev 2/3 fleirtal i generalforsamlinga for eit sal. 

Bygdalista seier nei til sal av Skjåk Energi.
Vi du i staden utvikle Skjåk Energi og sikre deg mot sal, så stem Bygdalista i Skjåk.

Morten Kielland, 1.kandidat Bygdalista i Skjåk


torsdag 17. august 2023

Vi vil utvikle Dønfoss

Astrid Gjertsen, 2.kandidat Bygdalista i Skjåk 


Min første tur til Skjåk var sommeren 1997. Turen fra Gardermoen til Kvittingen i Skjåk tok meg med storm, med de vakre gårdene, tømmerhusa, elva og den grønne dalen. Da var det postkontor på Bruvoll, og et lite sentrum med butikken for fastboende og for veifarende. Dønfoss Camping hadde allerede blitt lagt merke til langt utover kommunegrensene. Det gikk fortsatt sommerbuss til Sota Sæter og det var før Nasjonalparkene Reinheimen og Breheimen ble etablert. Mellom Rv15 og Dønfossen ligger det et verksted. Et hus min svigerfar drev som snekkerverksted. Det er fortsatt et snekkerverksted for Dønfoss Camping.

Her så jeg for meg både kafé med uteplass mot fossen. Husflid og håndverk. Få til noe som skulle gi en merverdi til de som stoppet, og kanskje skape meg en arbeidsplass. Det handler om å se muligheter i det vi har for å øke verdien og skape utvikling.

Det ble ingen kafé på Dønfoss for min del, men jeg har alltid hatt tro på at her er det et potensial. De som driver næring i området, utvikler seg hele tida. Vi har også fått Øyberget Kraftverk; For utbygger, kommune og Skjåk Almenning var det viktig å vise fram skogsdrift, gammel vatningskultur fram mot et moderne kraftverk. I inngangen til kraftverket er det et flott besøkssenter med utstilling, en liten filmsal, og de tok imot besøkende inne i fjellet de første årene. Jeg var selv guide der. 

I kommuneplaner langt tilbake har Dønfoss vært nevnt som en «reiselivsdestinasjon i Skjåk». Naturgitt med fossen, vegaskjelle, nærheten og tilgjengeligheten til fjellet på begge sider av dalføre, nå Reinheimen og Breheimen nasjonalparker.

I tillegg til det jeg allerede har nevnt så har vi det beste og største stinettet i Skjåk på Dønfoss. Stinettet er godt brukt av folk på campingplassen og fastboende. Flott lysløype for både sommer og vinterbruk.  

Når diskusjonen kom opp om å etablere et datasenter på «tippen» ved Øyberget Kraftverk ble det for Bygdalista i Skjåk viktig å sette søkelys på hele området og å gjennomføre et arbeid, en mulighetsstudie, for å kunne vurdere hva som er best å gjøre, før vi vedtar etableringer som vil kunne bli krevende og «ødeleggende» for området. 

Bygdalista er skeptiske til datasenter. Med en mulighetsstudie som vil lede til en helhetlig reguleringsplan for hele området, vil vi kunne planlegge framover og få ut et potensial som vil kunne øke verdien, i tillegg til det som allerede er etablert i området.

Vi fikk en mulighetsstudie for Bismo. Nå er planlegging for bruk av Bismo under arbeid. Arkitekter er i gang med å lage en reguleringsplan.  Bygdalista i Skjåk vil ha det samme for Dønfoss.

I en mulighetsstudie vil vi få frem nye ideer og sette søkelyset på potensialet for Dønfoss:

• Hvordan kan vi gi Dønfoss et enda bedre innhold slik at det blir et «hot» stoppunkt for enda flere?
• Hvordan kan vi få arealer til å drive næring?
• Hvor skal vi ha boligtomter?
• Er trafikksikringa god nok når stadig flere bor på Dønfoss om sommeren og bruker området?  

En mulighetsstudie og en reguleringsplan må ha hjelp av folk. Folk som kjenner Dønfoss, har ideer og ønsker. Da bygger vi en solid grunnmur for utvikling på Dønfoss for mange år framover. Vi slipper datasenter som ikke vil gi noe annet tilbake lokalt enn problemer og dårlig rykte.  

Bygdalista i Skjåk ønsker utvikling på Dønfoss. Nå står Dønfoss for tur.


torsdag 10. august 2023

Idrett og friluftsliv

Eg har fått spørsmål om eg støtter idrett og friluftsliv for barn og ungdom.  Her er det lange svaret: 

Friluftsliv

Som ung assistent-ingeniør på Raumabanen fekk bestefar tak i ein gamal smedbustad som hadde stått i jernbanetrasèen på Stuguflåten. Han fekk satt den opp ved Lesjaskogsvatnet i 1928. Vi var på hytta på Lesjaskog heile skuleferien som barn og ungdom, med fiske på Lesjaskogsvatnet og turar i skog og fjell som fylte sumaren. Det var ein enkel tilvære med og hausting frå naturen. Eg ble glad i friluftslivet.  

Da er det ikkje så merkeleg at natur og friluftsliv ble interessa min i Skjåk, med reinsjakt, rypejakt, fiske, bær- og sopplukking og fotturar.  

Idrett

Eg ble tidleg med på fotball og handball. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet». Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi. Saman med ein kamerat og handballaget merka vi 200 km med sti i Skjåk. Gjennom arbeidet i kommunen fekk eg den siste tida høve til å digitalisere alle vassveitene i Skjåk, og gje ut brosjyrar om fisketurar i Skjåk og Kulturminneturar i Skjåk.

Barn og unge

Vi har 4 barn og mange barnebarn. Det er friluftsliv og sport med dei som opptek meir og meir av mi tid no. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom. 

Med denne bakgrunnen er det ikkje noko å lure på som politikar i Skjåk.

Så ja, eg har støtta og kjem til å støtte idrett og friluftsliv og grøne verdiar knytt til dette, for barn og ungdom og alle andre. 

Morten Kielland, 1.kandidat for Bygdalista i Skjåk  


Valprogram 2023: Våre Kandidatar

 Her er våre kandidater til valet:


Sjå programmet.

Bygdalista i Skjåk

Eg skreiv dette innlegget i Fjuken tysdag 8.august:

Eg kom til Skjåk som avløysar og fekk nokre utruleg fine år i Reppen før eg måtte attende til det yrket eg var utdanna for. Som avløysar lærte eg noko viktig om skjåkværane; nemleg solid arbeid. Ein gardbrukar sa til meg at «bygg ein solid grunnmur, så står bygget i hundreder av år». Solid arbeid er eit kjenneteikn på skjåkværen.

Einigheit

Det har kommunen gjort i lang tid. Vi har solide tenester: skulen står støtt, helsetenestene er gode og kulturen stikk djupt. Vi får ny Skjåkhall og i langtidsbudsjettet har vi vedteke å bygge ny barnehage i Bismo.  Dette er Bygdalista og dei to andre partia einige om. Vi har nokre få ueinigheiter. Vi tapte kampen mot SP om solceller på heile Skjåkhall-taket, men vant fram med framlegget om stort varmtvass-basseng saman med AP. I hovudsak er vi samde om våre kommunale tenester. Det er ikkje dette som skil oss. 

Skjåkhallen rives i desse dagar


Det er meir som sveisar oss saman i politikken. Det er verda utanfor som vil ta frå oss verdiar eller legg press på Skjåk. Staten vil ikkje prioritere distriktet. Korfor får vi ikkje den planlagde gang-og sykkelvegen nordover mot Dønfoss, korfor får vi ikkje lokalt politi, god ambulanseberedskap eller korfor er det med få års mellomrom fare for vidaregåande i Lom? Det må den distriktsvenlege regjeringa med AP og SP svare på.

Solid samarbeid

Da er det godt å sitte saman med to andre parti og diskutere oss fram til einigheit. Dette samarbeidet er solid og ein styrke for Skjåk. Vi må gjere solid politisk arbeid for å byggje gode tenester og stå mot den evige sentraliseringa. 

Solid næring

Mange har vore på omvising på Interfil og andre bedrifter, på jubileet til Skjåk Almenning, sett mange som startar eigen bedrift eller reist gjennom bygda i sommar og sett dei flotte gardane som ligg på rekkje og rad. Da veit dykk at det er gjort mykje solid arbeid frå langt attende. Dei som kjem utanfrå er ofte overraska over alt som finst i bygda vår.

Det som skil oss

Det er andre saker som skil oss. Det er datasenter på Dønfoss, kva Skjåk Energi skal gjera, næringsprosjekt, vårt fokus på barn og unge og utvikling på Dønfoss. Det siste var rett inntil SP fekk vårt program i hende under Ståk i Skjåk. No ser vi at når de har skrevet ferdig sitt program, står det også der om barnehage og Dønfoss. Det viser igjen korleis vi i Skjåk kan dra i same retning på tvers av parti, over tid! Det er kjempebra SP!

Eg saknar fleire lokale næringsprosjekt. Kvifor ikkje eit næringsprosjekt for tilleggsnæring i landbruket eller for å vidareutvikle lokalmatproduksjon? Grunnlaget er så godt og mangfaldig. Skåppå driver til dømes prosjektet Gardsgründer for alle i hele Gudbrandsdalen.

Samstundes må vi også grave opp vårt problem som er likt i mange distrkts-kommunar: Vi mister alt for mange i arbeidsdyktig alder. Snart har vi for få arbeidstakarar til alle bedriftene og landbruket i Skjåk. Næringsnettverket har starta eit prosjekt for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Det støtter Bygdalista heilhjerta og har prioritert å delta på alle invitasjonar frå Næringsnettverket. Det er slik vi må fortsette alle saman framover - saman og på lag for bygdas beste. 

Bygdalista har 3 retningsliner:

- Styrke næringslivet
- Barn og unge
- Miljøtiltak

Les programmet vårt folkens, og støtt oss så vi får eit mangfald av hugu som kan tenke saman. Sjå: https://bygdalista.blogspot.com/2023/08/program-for-bygdalista-i-skjak.html 

Fyrstekandidat på Bygdalista i Skjåk, Morten Kielland


tirsdag 1. august 2023

Program for Bygdalista i Skjåk ved valet 2023

 

Næringsnettverket - synfaring hos Krux på Oppdal

Næringsliv

For å styrke næringslivet i Skjåk, er vi avhengige av tilgang på lokal arbeidskraft.

Framskrivinga av folketallet viser at folk i arbeidsdyktig alder kan koma til å gå ned med 179 personar på 10 år. Næringsnettverket har nyleg starta eit forprosjekt, for å kartlegge korleis næringslivet kan samarbeide for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Dette er eit viktig arbeid som kan vere ein del av løysinga, og vi støtter næringslivet i dette arbeidet.

Kommuna har fokus på marknadsføring av Skjåk. Bygdalista meiner vi må jobbe enda meir aktivt med å få fleire til å flytte til Skjåk, til dømes gjennom aktivt sal av Skjåk. Viss vi skaffer namn på utflytte skjåkverer siste 30 åra og potensielle innflyttare, kjenner til ledig arbeid i bygda og veit kven som har ledig husvære, er det starten på sal av Skjåk til utflytta skjåkværer og andre. Salet skal ende opp i å ta imot alle innflyttare og gjere dei rotfesta. Det vil styrke næringslivet, styrke økonomien i bygda og gje bygdeutvikling.

Barn og unge

For å gjera det enda betre å vere ung i Skjåk vil vi:

 - Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
 - Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
 - Auke støtta til Skjåk Friviljugsentral

Klima og miljø

Vi støtter opp om tiltaka i Klima-og miljøplanen som kommuna utarbeider. Døme på gode tiltak er:

- Enøk i kommunale bygg
- Ekstra stønad til bedrifter med klima-og miljøfokus
- At fleire av oss sykler til arbeid

Vi vil utvikle Skjåk Energi

og seier derfor nei til fusjon eller sal av Skjåk Energi.

Bygdalista meiner at eit betre alternativ er å utvikle Skjåk Energi for å ruste det for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, låge straumprisar og lokal styring.

Ved sal eller fusjon av Skjåk Energi Entreprenør, Aursjokraft og Skiaaker Nett får kommuna mest truleg eit aksjebyte. Det vil seia ein forsvinnande liten aksjepost i eit større selskap, og vi mistar i realiteten all styring.

Vi er skeptiske til datasenter på Dønfoss

Vi treng meir datalagring i Norge. Men Bygdalista meiner at vi må ha gode, nasjonale føringar på plass fyrst som vil sikre oss ei berekraftig og føremålstenleg drift av eit eventuelt datasenter i Skjåk. 

Vi seier nei til eit datasenter som ikkje nyttar det enorme utslippet av spillvarme, eller der drifta er delvis basert på kryptoutvinning. Bygdalista seier ja til ei god, sikker og grøn løysing i framtida.

Vi vil utvikle Dønfoss

Vi ynskjer å utvikle næringsliv, bustader, turisme og friluftsområder på Dønfoss. Derfor treng vi ein reguleringsplan på Dønfoss.