På bildet ser du orførarkandidater før valet frå Lom og Skjåk, som vil slå eit slag for å at TINE skal halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsost her på grensa mellom Lom og Skjåk.
Eg veit ikkje heilt når, men det var tidleg at brunosten var på brødskiva. Eg veit vi fekk ho kvar formiddag på skiva på hytta på Lesjaskog med ein liten klatt rørt tyttebær eller jordbær på. Det var saker det! Det må ha vore brunost frå Lom og Skjåk Ysteri, for ho brakk ikkje av i kanten når mor skar ho. Gudbrandsdalsost blir produsert fleire stader, men det er berre osten frå Lom og Skjåk som ikkje brekk i kanten.
Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir grytekokt slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike konsistensen og smaken. Det sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar