Vi synes det er spesielt synd at ein samvirkeaktør som TINE ikkje er meir opne og let bønder som er eigarar av TINE, dei tilsette ved ysteriet i Lom og Skjåk, lokalbefolkninga og heile det norske folk få innsyn i grunnlaget før avgjerdsla blir fatta.
Dersom TINE vurderer å legge ned produksjon av Gudbrandsdalsosten i nettopp Gudbrandsdalen, kva sitt vi att med da? Berre ein heilt vanleg ost, utan moglegheit til den viktige historieforteljinga som gjer at den framleis er ein viktig del av nordmenn sitt liv, vår kulturarv og vår tradisjon. Det som gjer at den har sin faste plass på alle frukostbord, og i dei fleste matpakker.
Aksjonen i 2010/2011 vant fram
«La G-35 Leve!» var ei av Norges fyrste folkeaksjonar i sosiale mediar. Meir enn 51 000 nordmenn over det ganske land, og relativt mange også i utlandet, sa høgt og tydeleg ifrå om at dei ynskjer å bevare vår nasjonale stoltheit. Den ekte Gudbransdalsosten, noko av det «norskaste» og «stoltaste» vi har. Norge treng ikoniske merkevarar og produkt som tek vare på og styrker vår identitet. Den ekte Gudbransdalsosten har denne krafta!
Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir produsert i ei gryte slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike smaken, det som sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur. Som Arne Brimi så treffande sa det på Gudbrandsdalsosten sin dag 17. mars 2021; «God rauost kan du ikkje lage på PC.»
Ny kamp for Gudbrandsdalsosten
Vi håpar TINE forstår at vern om vår nasjonale stoltheit er akkurat like viktig i dag som det var for 12 år sidan, om ikkje viktigare. Vi, og mange med oss tykkjer dette er så viktig at vi har bestemt oss for å ta opp kampen for å sikre produksjon av den ekte Gudrandsdalsosten, der den høyrer heime. Det betyr at vi bles nytt liv i Facebook-sida og aksjonen «La G35 Leve!».
Vi håpar på stort engasjement og at heile det norske folk viser si støtte til Gudbrandsdalsosten og fortel leiinga og styret i TINE kor viktig det er at dei tek vare på vår nasjonale stoltheit.
I desse valtider er det også verd å merke seg den breie politiske einigheita om kampen for den ekte Gudbrandsdalsosten. Både dagens ordførarar og samtlege ordførarkandidatar stiller seg bak kravet om at Gudbrandsdalsosten må produserast i Gudbrandsdalen dersom den framleis skal vere vår nasjonale stoltheit og merkevarebyggjar av norske verdiar og tradisjonar.
Det handlar om noko som er større en oss sjølve. TINE er mjølkebonden sitt selskap, og er det noko den norske bonden er god på så er det å tenke langsiktig. Det same skal vi gjere. For eigarane våre. For Norge.
Dette er TINE sin visjon. La oss håpe at dei framleis lyttar til, og respekterer viljen til det norske folk. «La G-35 Leve!» i Gudbrandsdalen!
Oppropet er signert av:
Lom kommune
Ordførar i Lom: Bjarne Eiolf Holø
Ordførerkandidatar i Lom:
Bjørn Ola Aukrust, AP
Kristian Frisvold, Bygdalista
Kjell Brandsar, Lomsliste
Magnus Bø, SP
Frøydis Ø. Marstein, Tverrpolitisk liste
Skjåk kommune
Ordførar i Skjåk: Edel Kveen
Ordførarkandidatar i Skjåk:
Stig Banken, AP
Morten Kielland, Bygdalista
Edel Kveen, SP
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar