Ja, du høyrte rett; dei vil selje Kraftverket.
Rett skal være rett; SP fekk fleirtal for å utrede sal eller fusjon av Kraftverket i generalforsamlinga (kommunestyret) rett før nyttår mot Bygdalista og AP. Men det er vel liten tvil om at det er sterke krefter i SP som ynskjer sal. Saman med seg har dei styret og leiinga i Kraftverket.
• Dei vil selje eit fullt utbygd straumnett i Skjåk som vi har betalt høg nettleige for å få på plass.
• Dei vil selje eit fullt utbygd fibernett i Skjåk.
• Dei vil selje deg og meg som kundar hjå Aursjokraft.
Framtida
Bygdalista lurar på korfor. Det dei seier sjølve er at framtida blir vanskeleg. Det har nemleg økonomi-konsulenten til styret rekna ut. Er framtida verkeleg så vanskeleg med eit godt utbygd straumnett, fibernett og 2000 kundar?
Det var pengesløseri av SP å bruke millionar på å utrede sal av Kraftverket, og utrede eit mogeleg datasenter på Dønfoss. Bygdalista meiner at planen om eit datasenter var ein del av strategien for sal av Kraftverket.
Alternativet er å utvikle Skjåk Energi Det var skilling som Bygdalista ville brukt på å utvikle Skjåk Energi for å ruste selskapet for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, lokal styring, lokal beredskap og utbytte til kommuna. Det kan vi framleis gjere. Arbeidsgruppa Tett lokk på informasjon Men vi veit at det krev 2/3 fleirtal i generalforsamlinga for eit sal. Bygdalista seier nei til sal av Skjåk Energi. Morten Kielland, 1.kandidat Bygdalista i SkjåkDammen til gamle Måråe kraftverk
Eg er valt til å sitte i arbeidsgruppa for å utrede salet saman med ordføraren. Og eg skal fylje mi plikt. Eg vil gjere det beste ut av det for å få eit så godt grunnlag som mogeleg. Så skal generalforsamlinga ta avgjerd utpå hausten. Slik er demokratiet vårt. Men det betyr ikkje at eg og Bygdalista er einige i sal av Skjåk Energi.
Heile prosessen er underlagt teieplikt. Ingen får vite noko utanom det advokaten og styreleiaren vil informere om for kommunestyret. Ingen i bygda får vite noko før saka skal handsamast i generalforsamlinga som er kommunestyret.
Vi du i staden utvikle Skjåk Energi og sikre deg mot sal, så stem Bygdalista i Skjåk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar