Næringsnettverket - synfaring hos Krux på Oppdal |
Næringsliv
For å styrke næringslivet i Skjåk, er vi avhengige av tilgang på lokal arbeidskraft.
Framskrivinga av folketallet viser at folk i arbeidsdyktig alder kan koma til å gå ned med 179 personar på 10 år. Næringsnettverket har nyleg starta eit forprosjekt, for å kartlegge korleis næringslivet kan samarbeide for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Dette er eit viktig arbeid som kan vere ein del av løysinga, og vi støtter næringslivet i dette arbeidet.
Kommuna har fokus på marknadsføring av Skjåk. Bygdalista meiner vi må jobbe enda meir aktivt med å få fleire til å flytte til Skjåk, til dømes gjennom aktivt sal av Skjåk. Viss vi skaffer namn på utflytte skjåkverer siste 30 åra og potensielle innflyttare, kjenner til ledig arbeid i bygda og veit kven som har ledig husvære, er det starten på sal av Skjåk til utflytta skjåkværer og andre. Salet skal ende opp i å ta imot alle innflyttare og gjere dei rotfesta. Det vil styrke næringslivet, styrke økonomien i bygda og gje bygdeutvikling.
Barn og unge
For å gjera det enda betre å vere ung i Skjåk vil vi:
- Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
- Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
- Auke støtta til Skjåk Friviljugsentral
Klima og miljø
Vi støtter opp om tiltaka i Klima-og miljøplanen som kommuna utarbeider. Døme på gode tiltak er:
- Enøk i kommunale bygg
- Ekstra stønad til bedrifter med klima-og miljøfokus
- At fleire av oss sykler til arbeid
Vi vil utvikle Skjåk Energi
og seier derfor nei til fusjon eller sal av Skjåk Energi.
Bygdalista meiner at eit betre alternativ er å utvikle Skjåk Energi for å ruste det for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, låge straumprisar og lokal styring.
Ved sal eller fusjon av Skjåk Energi Entreprenør, Aursjokraft og Skiaaker Nett får kommuna mest truleg eit aksjebyte. Det vil seia ein forsvinnande liten aksjepost i eit større selskap, og vi mistar i realiteten all styring.
Vi er skeptiske til datasenter på Dønfoss
Vi treng meir datalagring i Norge. Men Bygdalista meiner at vi må ha gode, nasjonale føringar på plass fyrst som vil sikre oss ei berekraftig og føremålstenleg drift av eit eventuelt datasenter i Skjåk.
Vi seier nei til eit datasenter som ikkje nyttar det enorme utslippet av spillvarme, eller der drifta er delvis basert på kryptoutvinning. Bygdalista seier ja til ei god, sikker og grøn løysing i framtida.
Vi vil utvikle Dønfoss
Vi ynskjer å utvikle næringsliv, bustader, turisme og friluftsområder på Dønfoss. Derfor treng vi ein reguleringsplan på Dønfoss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar