Eg har fått spørsmål om eg støtter idrett og friluftsliv for barn og ungdom. Her er det lange svaret:
Friluftsliv
Som ung assistent-ingeniør på Raumabanen fekk bestefar tak i ein gamal smedbustad som hadde stått i jernbanetrasèen på Stuguflåten. Han fekk satt den opp ved Lesjaskogsvatnet i 1928. Vi var på hytta på Lesjaskog heile skuleferien som barn og ungdom, med fiske på Lesjaskogsvatnet og turar i skog og fjell som fylte sumaren. Det var ein enkel tilvære med og hausting frå naturen. Eg ble glad i friluftslivet.
Da er det ikkje så merkeleg at natur og friluftsliv ble interessa min i Skjåk, med reinsjakt, rypejakt, fiske, bær- og sopplukking og fotturar.
Idrett
Eg ble tidleg med på fotball og handball. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet». Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi. Saman med ein kamerat og handballaget merka vi 200 km med sti i Skjåk. Gjennom arbeidet i kommunen fekk eg den siste tida høve til å digitalisere alle vassveitene i Skjåk, og gje ut brosjyrar om fisketurar i Skjåk og Kulturminneturar i Skjåk.
Barn og unge
Vi har 4 barn og mange barnebarn. Det er friluftsliv og sport med dei som opptek meir og meir av mi tid no. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom.
Med denne bakgrunnen er det ikkje noko å lure på som politikar i Skjåk.
Så ja, eg har støtta og kjem til å støtte idrett og friluftsliv og grøne verdiar knytt til dette, for barn og ungdom og alle andre.
Morten Kielland, 1.kandidat for Bygdalista i Skjåk
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar