tirsdag 29. august 2023

Barn og ungdom

Eg ble tidleg med på fotball, skøyter og anna sport. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet» med merking av 200 km stigar, vegar for skiløyper og brosjyrer for stig, fiske og kulturminner. Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi.

Det er friluftsliv og sport med barn som har teke mykje av mi tid. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting, i kulturskulen og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på politisk siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom. 

Gje barna innhald på fritida
Eg kjem til å støtte idrett og friluftsliv for barn og ungdom. Undersøk gjerne tilbodet til dømes hjå Pistolklubben, Jeger og fisk, dei ulike idrettane i Skjåkhallen eller skigruppa som alle blir drevet av ildsjelar/foreldre. Det er mange fleire som kunne vore nemnt.

Frå Bygdalista sitt program:
 - Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
 - Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
 - Støtte Skjåk Friviljugsentral

Friviljugsentralen jobbar for å få til eit ungdomshus som kan huse mange aktivitetar og vere eit stad for alle. Her kan dei unge få møte dei eldre som nyttar staden. 

Dette vil gje eit meir komplett innhald for dei yngre. 

Ta ein tur dit og sjå deg om. Det er rein inspirasjon.

Held på kontakten med barna
Næringsnettverket i Skjåk har vore i Stryn, på Åndalsnes og på Oppdal. Næringsakademiet i Stryn satsar på kontakt med barna frå tidleg alder, fylgjer dei opp med tilbod gjennom ungdomstida, under utdanning og når dei er etablert som vaksne ofte ein annan stad. Da får dei rekruttering til næringslivet i bygda, for mange vil heim att. Det gir den beste marknadsføringen ein kan oppnå og gode ambassadører for bygda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar