Tilbakeflytting gjev oss store inntekter. Næringslivet gjev oss tilbakeflytting. Bygdalista vil jobbe med utvikling i næringslivet og tilbakeflytting til Skjåk.
Bygdalista vil at heile næringsfondet skal nyttast til utvikling i næringslivet.
Vi vil ha eit skikkeleg salsapparat som jobbar profesjonelt med å få fleire til å få lyst til å flytte til Skjåk, og få dei til å ta det endelege steget.
Vi vil at dei som bur her både har ein jobb å gå til, trivst i jobben sin, og har eit godt tilbod på fritida slik at dei stortrivst også når dei ikkje er på jobb.
Inntektssida ved investering i næringsliv og tilbakeflyttings-prosjekt er stor. Ein familie på fire gir rammetilskott og skattar på ein kvart million kroner i året, og med store ringverknader for bygda. Da bør kommunen kunne investere mykje meir enn i dag for å hauste av tilflytting.
Eit tilflyttings-prosjekt bør kjenne utflytta Skjåkværer og interesserte bedrifter og personer. Prosjektet må kunne arbeide utanfor kommunen og ha eit aktivt sal av Skjåk som bu-og arbeidsstad.
Vi må ha eit næringsliv i utvikling og vi må ha ein grunnmur av barnehage, skule, bustadtomter og helsetenester for å være attraktive for tilflytting.
Næringsfondet blir tilført 7 mill.kr årleg. Meir en halvparten blir brukt til kommunal drift. Dette gjer det vanskelegare å starte store prosjekt for næringsliv og tilflytting. Det strider også mot dagens vedtekter i Næringsfondet.
• Bygdalista vil ha ein grunnmur av barnehage, skule, bustad og helsetilbod.
• Bygdalista vil arbeide for tilflytting.
• Næringsfondet skal nyttast berre til næringslivet og tilflytting.
• Bygdalista vil arbeide for nye vedtekter i Næringsfondet.
• SMIU kan bli eit lokomotiv for næringslivet.
• Vi ynskjer planar for nye attraktive tomter i Bismo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar