Bygdalista vil arbeide for at akutttberedskapen skal vera minst like god som i dag – og at det ikkje skal gå meir enn 25 minutt frå AMK blir varsla til akutthjelpa er på plass. Du skal alltid vera trygg på at du får den akutte helsehjelpa du treng. Og hjelpa skal koma tidsnok.
Ein god beredskap og ambulanseteneste er viktig for busetting og tilflytting langt frå sentrale strøk. I 2021 kommer ei ny forskrift for ambulanse og prehospitale tenester.
Avtalen for responstid i Norddalen er 25 min. Responstida er no 34 min for Skjåk. Det er to heildøgns ambulansar i Lom og Skjåk som er flåtestyrt fram til klokka 21. Dette kan få konsekvensar for fyrste gong fødande, hjertepasientar og ved ulykker.
Prøveprosjektet med akuttbil på Otta, styrker beredskapen. Akuttbilen bør bli ein fast del av beredskapen og finansiert av sykehuset.
Vi er sårbare for dårlegare tilbod i ambulanse, politi, brannvesen og LMS på Otta. Dessutan har vi mange høgt kompetente tilsette i bygdene i akuttberedskapen.
Vi er sårbare ved katastrofar, og trenger alternativ straumtilførsel og datanett.
• Bygdalista vil ha 25 minuttar utrykningstid ved akutte hendingar.
• Bygdalista vil ha sikker kommunikasjon ved katastrofer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar