For at små og store skal få lyst til å bu i bygda vår, er det viktig å ha eit levande lokalsamfunn. Og skal vi ha levande lokalsamfunn, er vi heilt avhengige av at Lom vidaregåande skule har eit framtidsretta tilbod som er attraktivt for ungdom.
Bygdalista i Skjåk vil kjempe for at den vidaregåande skulen i Lom til einkvar tid har eit relevant tilbod. Det betyr at vi vil arbeide for å få på plass ei friluftslinje ved skulen.
Lom vidaregåande skule må bestå. Skal vi ha eit levande lokalsamfunn, er vi avhengige av at Lom viaregåande består. Enno er søkjartalet stabilt, og tilbodet i Lom står ved lag. Bygdalista vil styrke skulen med line for friluftsliv i Lom.
Fortsatt vidaregåande skule i Lom handlar om elevtal og politisk vilje. Det same gjelder også tilbod på Otta. Ei sentralisering vil gi innsparingar for Fylkeskommunen, men store kostnader til reise og bustad for elevar og foreldre. Det er også fleire andre fordeler med å halde ungdom i Vågå, Lom og Skjåk lenger i bygda. Tilbodet i Lom er viktig for tilflytting og for å være attraktive for busetting i Ottadalen. Det er 15-20 arbeidsplassar i Lom. Ein reduksjon av tilbodet vil gi eit stort tap av kompetente arbeidsplassar.
• Vi vil ha friluftsline i Lom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar