Statens Vegvesen lagde reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv. 15 frå Bukkodden til Statoil i Nordberg i 2014. Planen vart vedteke i kommunestyret. I 2016 lå vegen inne i forslaget til statsbudsjett, men løyvinga vart trekt ut.
Det er viktig med gang- og sykkelveg nordover til Dønfoss. Vegen blir stadig meir aktuell etter som trailer-trafikken og turist-trafikken vekser. Dette vil knyte Nordberg til Bismo for mjuke vegfarande. Den planlagde gang- og sykkelvegen nordover treng løyving frå staten.
Kommunal Sentrumsplan 2017 fortel at gangbru til Lundagrende blir lagt inn i arealdelen til kommuneplan og at interessegruppa for brua arbeider vidare med kommunen som støttespelar. Det er ei miljøsak å knyte Lundagrende og Bismo samen. Vi får lett adkomst til Bismo for mjuke trafikantar frå Lundagrende, folkehelse med betre tilgang til naturen og nye moglege bustadfelt. Brua er aktualisert nå etter sentralisering av skule, ny barnehagestruktur og etter flaumen 14.oktober.
• Bygdalista vil arbeide for gang- og sykkelveg nordover til Dønfoss.
• Bygdalista vil arbeide for bru til Lundagrende
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar