Bygdalista i Skjåk er opptekne av framtida for skjåkværane.
Vi vil ha beredskap mot flaum og skred når været blir stadig villare.
Vi vil jobbe for å ta betre vare på ressursane vi har, slik at også framtidige generasjonar med skjåkværar får det godt. Vi vil at avfall må nyttast som råstoff i større grad enn i dag.
Bygdalista vil støtte bedrifter som bruker fornybare ressursar. Vi vil også gjere det lettare for grøne gründerar å starte eigne verksemder.
Sjølv om vi ikkje dør av at jorda blir varmare, så bør vi hjelpe dei neste generasjonane.
Sjølv om vi ikkje er ramma av at ressursane er brukt opp ennå, så bør vi spare råstoff til våre barnebarn. Når vi bryr oss om fornybare ressursar og eit uroleg vær, er det framtida for folk i Skjåk vi er opptekne av.
Vi vil bevare sikkerheit for folk. Vi vil ha beredskap mot flom og skred, når været stadig blir heftigare.
Vi har allereie et par hundre grøne arbeidsplassar i Skjåk Energi, Glasopor, Interfil, NGR, lokal mat og reiseliv. Landbruket er særs viktig for bygda både ved stor bruk av lokale tenester og produksjon av kortreist mat. Vi ynskjer å støtte næring som bruker fornybare ressursar, og å gjøre det lettare for grøne gründarar å starte eigen bedrift.
Vi vil ha gang-og sykkelvegar, løyper og stiger. Det er ikkje berre eit grønt tiltak, men også vern av natur, folkehelse, trafikksikkerheit og infrastruktur for reiseliv.
Avfall må bli råstoff for ny produksjon i større grad enn i dag.
• Bygdalista vil ha sikkerheit for folk ved uvær og i eit varmare klima.
• Vi vil støtte grøne arbeidsplassar.
• Vi vil ha vedlikehald og utvikling av stigar, skiløyper og sykkelvegar.
• Vi vil ha kjeldesortering i heimen.
• Vi støtter lokal og kortreist mat og mindre bruk av emballasje i handelen.
• Vi støtter energitiltak i bygg og grøne offentlege innkjøp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar