Samstundes må vi få betre kontroll over kva alle samarbeida kostar av tid og penger, og passe på at vi har noko att for det.
Vi vil ha eit godt samarbeid med Skjåk Energi gjennom eigenmelding og styre.
Skjåk får 33 mill.kr frå kraftutbygging i skatt og avgifter. Dette er under press. Vi vil aktivt støtte Landssammensluttninga for vassdragskommuner.
Vi må samarbeide godt med kommunane kring oss. Samstundes må vi få betre kontroll på kva alle samarbeida vi har kostar i kroner og tidsbruk, og passe på at vi får att for dei samarbeida vi har. Vi har over 20 samarbeid med andre kommunar. Dei har budsjett på godt over 20 mill.kr. Nokre er styrt politisk, andre meir eller mindre administrativt. I einskilde får vi ei rekning ved slutten av året. Målet med samarbeid er betre økonomi og meir kompetanse.
Skjåk kommune må vera ein aktiv eigar i Skjåk Energi, slik at vi kan sikre arbeidsplassar og tenestetilbodet i bygda. Eit nært samarbeid med Skjåk Energi, er særlig viktig nå da eit eige nettselskap skal etablerast. Skjåk Energi er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune. Kommunen har retter i Øvre Otta og Skjåk 1, som Skjåk Energi disponerar for kommunen. Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen til ca. 2000 abonnentar, og disponerer ei kraftmengde på 120 GWh kvart år.
Landssammensluttninga for vassdragskommuner arbeider for våre rettar i kraftutbygging. No står skatt og avgifter til kommunen frå kraftutbygging under press. Skjåk kommune har årlege inntekter på 33 mill.kr frå kraftutbygging.
• Vi vil vurdere drift og styreform for kommune-samarbeid.
• Vi vil ha eit godt samarbeid med Skjåk Energi gjennom eigenmelding og styrearbeid.
• Vi vi støtte og søke informasjon i Landssammensluttninga for vassdragskommuner.
• Vi ynskjer at våre veljarar kommer på våre møter og deler sine syn.
• Vi skal samarbeide med næringslivet, kommuner, vidaregåande skule, Veivesenet, Regionkontor og andre som har same syn på våre saker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar