søndag 22. september 2019

Program til valet 2019: Demokrati

Synest du også at alle fortener å bli høyrde når viktige avgjerder for bygda vår blir teke? Dei siste åra har berre to parti vore representert i kommunestyret. Det er synd for demokratiet. Det er synd for ungdomen.  Gjev du di stemme til Bygdalista, bidreg du til at breidda blant dei folkevalde blir større, slik at det ikkje er nokre få som blir høyrde. 

Du skal få bestemme meir. Meir makt attende til dei folkevalde. Gjev du di stemme til Bygdalista, bidreg du til at breidda blant dei folkevalde blir større, slik at det ikkje er berre nokre få som blir høyrd.

I dag er det berre to parti, og det eine har all makt. Det manglar politisk engasjement.
I dag er det for mange vedtak som blir teke administrativt. 

Dette har skapt nytt liv og engasjement i Bygdalista. Vi ynskjer eit ope lokalt demokrati.  Vi ynskjer meir engasjement. Vi ynskjer samarbeid med administrasjonen i Skjåk kommune framfor for mykje delegasjon til administrasjonen. Da Bygdalista ble starta i 1975, var demokrati, samarbeid, uavhengigheit og nytenking grunnlaget. 

Ungdomen si stemme er viktig. Vi ynskjer at dei nyttar si ytringsfridom. Likestilling er også ei viktig demokratisk rettigheit. 

Skjåk kommunestyre treng ein frisk og aktiv opposisjon
Nytt Delegasjonsreglementet
Opne møter i Bygdalista

lørdag 21. september 2019

Program til valet 2019: Barnehageplassar til alle, der dei vil

Du skal sjølv få lov til å bestemme kva barnehage barna dine skal gå i, og ikkje minst; du skal sjølv få bestemme når familien din skal ha sommarferie saman.
Bygdalista i Skjåk vil arbeide for sommaropen barnehage. Vi vil også utvikle Bismo barnehage og Dønfoss Naturbarnehage.

Barnehageplassar til alle. Du skal sjølv få lov til å velje kva barnehage du vil ha barnet ditt til. 

Full barnehagedekning
Sommaropen barnehage og SFO
Vidareutvikle Bismo og Dønfoss barnehage 
For å få gode vedtak på framtidig barnehagestruktur, sommaropen barnehage og SFO neste periode,  må vi ha klare talgrunnlag for buplass og behov. 

fredag 20. september 2019

Program til valet 2019: Godt samarbeid og betre kontroll

Bygdalista i Skjåk ynskjer å samarbeide godt med kommunane kring oss.
Samstundes må vi få betre kontroll over kva alle samarbeida kostar av tid og penger, og passe på at vi har noko att for det.
Vi vil ha eit godt samarbeid med Skjåk Energi gjennom eigenmelding og styre. 
Skjåk får 33 mill.kr frå kraftutbygging i skatt og avgifter. Dette er under press. Vi vil aktivt støtte Landssammensluttninga for vassdragskommuner.

Vi må samarbeide godt med kommunane kring oss. Samstundes må vi få betre kontroll på kva alle samarbeida vi har kostar i kroner og tidsbruk, og passe på at vi får att for dei samarbeida vi har. Vi har over 20 samarbeid med andre kommunar. Dei har budsjett på godt over 20 mill.kr. Nokre er styrt politisk, andre meir eller mindre administrativt. I einskilde får vi ei rekning ved slutten av året. Målet med samarbeid er betre økonomi og meir kompetanse.

Skjåk kommune må vera ein aktiv eigar i Skjåk Energi, slik at vi kan sikre arbeidsplassar og tenestetilbodet i bygda. Eit nært samarbeid med Skjåk Energi, er særlig viktig nå da eit eige nettselskap skal etablerast. Skjåk Energi er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune. Kommunen har retter i Øvre Otta og Skjåk 1, som Skjåk Energi disponerar for kommunen. Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen til ca. 2000 abonnentar, og disponerer ei kraftmengde på 120 GWh kvart år. 

Landssammensluttninga for vassdragskommuner arbeider for våre rettar i kraftutbygging. No står skatt og avgifter til kommunen frå kraftutbygging under press. Skjåk kommune har årlege inntekter på 33 mill.kr frå kraftutbygging.  

Vi vil vurdere drift og styreform for kommune-samarbeid.
Vi vil ha eit godt samarbeid med Skjåk Energi gjennom eigenmelding og styrearbeid. 
Vi vi støtte og søke informasjon i Landssammensluttninga for vassdragskommuner. 
Vi ynskjer at våre veljarar kommer på våre møter og deler sine syn. 
Vi skal samarbeide med næringslivet, kommuner, vidaregåande skule, Veivesenet, Regionkontor og andre som har same syn på våre saker.

torsdag 19. september 2019

Program til valet 2019: Ja til friluftslinje ved Lom vidaregåande skule

For at små og store skal få lyst til å bu i bygda vår, er det viktig å ha eit levande lokalsamfunn. Og skal vi ha levande lokalsamfunn, er vi heilt avhengige av at Lom vidaregåande skule har eit framtidsretta tilbod som er attraktivt for ungdom.
Bygdalista i Skjåk vil kjempe for at den vidaregåande skulen i Lom til einkvar tid har eit relevant tilbod. Det betyr at vi vil arbeide for å få på plass ei friluftslinje ved skulen.

Lom vidaregåande skule må bestå. Skal vi ha eit levande lokalsamfunn, er vi avhengige av at Lom viaregåande består. Enno er søkjartalet stabilt, og tilbodet i Lom står ved lag. Bygdalista vil styrke skulen med line for friluftsliv i Lom.

Fortsatt vidaregåande skule i Lom handlar om elevtal og politisk vilje. Det same gjelder også tilbod på Otta.  Ei sentralisering vil gi innsparingar for Fylkeskommunen, men store kostnader til reise og bustad for elevar og foreldre. Det er også fleire andre fordeler med å halde ungdom i Vågå, Lom og Skjåk lenger i bygda. Tilbodet i Lom er viktig for tilflytting og for å være attraktive for busetting i Ottadalen. Det er 15-20 arbeidsplassar i Lom. Ein reduksjon av tilbodet vil gi eit stort tap av kompetente arbeidsplassar.

Vi vil ha friluftsline i Lom. 

onsdag 18. september 2019

Program til valet 2019: Akutt helsehjelp innan 25 minutt

Bygdalista vil arbeide for at akutttberedskapen skal vera minst like god som i dag – og at det ikkje skal gå meir enn 25 minutt frå AMK blir varsla til akutthjelpa er på plass. Du skal alltid vera trygg på at du får den akutte helsehjelpa du treng. Og hjelpa skal koma tidsnok.

Ein god beredskap og ambulanseteneste er viktig for busetting og tilflytting langt frå sentrale strøk. I 2021 kommer ei ny forskrift for ambulanse og prehospitale tenester. 
Avtalen for responstid i Norddalen er 25 min. Responstida er no 34 min for Skjåk. Det er to heildøgns ambulansar i Lom og Skjåk som er flåtestyrt fram til klokka 21. Dette kan få konsekvensar for fyrste gong fødande, hjertepasientar og ved ulykker. 

Prøveprosjektet med akuttbil på Otta, styrker beredskapen. Akuttbilen bør bli ein fast del av beredskapen og finansiert av sykehuset.

Vi er sårbare for dårlegare tilbod i ambulanse, politi, brannvesen og LMS på Otta. Dessutan  har vi mange høgt kompetente tilsette i bygdene i akuttberedskapen. 

Vi er sårbare ved katastrofar, og trenger alternativ straumtilførsel og datanett.  

Bygdalista vil ha 25 minuttar utrykningstid ved akutte hendingar.
Bygdalista vil ha sikker kommunikasjon ved katastrofer.

Program til valet 2019: Vi må jobbe hardare for å få fleire til Skjåk


Tilbakeflytting gjev oss store inntekter. Næringslivet gjev oss tilbakeflytting. Bygdalista vil jobbe med utvikling i næringslivet og tilbakeflytting til Skjåk. 

Bygdalista vil at heile næringsfondet skal nyttast til utvikling i næringslivet. 
Vi vil ha eit skikkeleg salsapparat som jobbar profesjonelt med å få fleire til å få lyst til å flytte til Skjåk, og få dei til å ta det endelege steget.

Vi vil at dei som bur her både har ein jobb å gå til, trivst i jobben sin, og har eit godt tilbod på fritida slik at dei stortrivst også når dei ikkje er på jobb.

Inntektssida ved investering i næringsliv og tilbakeflyttings-prosjekt er stor. Ein familie på fire gir rammetilskott og skattar på ein kvart million kroner i året, og med store ringverknader for bygda. Da bør kommunen kunne investere mykje meir enn i dag for å hauste av tilflytting. 

Eit tilflyttings-prosjekt bør kjenne utflytta Skjåkværer og interesserte bedrifter og personer. Prosjektet må kunne arbeide utanfor kommunen og ha eit aktivt sal av Skjåk som bu-og arbeidsstad.

Vi må ha eit næringsliv i utvikling og vi må ha ein grunnmur av barnehage, skule, bustadtomter og helsetenester for å være attraktive for tilflytting.  

Næringsfondet blir tilført 7 mill.kr årleg. Meir en halvparten blir brukt til kommunal drift. Dette gjer det vanskelegare å starte store prosjekt for næringsliv og tilflytting. Det strider også mot dagens vedtekter i Næringsfondet.

Bygdalista vil ha ein grunnmur av barnehage, skule, bustad og helsetilbod.
Bygdalista vil arbeide for tilflytting.
Næringsfondet skal nyttast berre til næringslivet og tilflytting.
Bygdalista vil arbeide for nye vedtekter i Næringsfondet.
SMIU kan bli eit lokomotiv for næringslivet.
Vi ynskjer planar for nye attraktive tomter i Bismo.

tirsdag 17. september 2019

Program til valet 2019: Knyt bygda saman

Bygdalista i Skjåk vil jobbe for å knytte bygda tettare saman ved å arbeide for gang- og sykkelveg frå Bismo til Dønfoss, og realisere planane om gangbru frå Lundagrenda til Bismo. Dette er viktig for at fleire skal kunne ferdast trygt gjennom bygda – utan å måtte nytte seg av forureinande transportmiddel. Bra for miljøet vårt. Bra for helsa di.

Statens Vegvesen lagde reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv. 15 frå Bukkodden til Statoil i Nordberg i 2014. Planen vart vedteke i kommunestyret. I 2016 lå vegen inne i forslaget til statsbudsjett, men løyvinga vart trekt ut. 

Det er viktig med gang- og sykkelveg nordover til Dønfoss. Vegen blir stadig meir aktuell etter som trailer-trafikken og turist-trafikken vekser. Dette vil knyte Nordberg til Bismo for mjuke vegfarande. Den planlagde gang- og sykkelvegen nordover treng løyving frå staten.

Kommunal Sentrumsplan 2017 fortel at gangbru til Lundagrende blir lagt inn i arealdelen til kommuneplan og at interessegruppa for brua arbeider vidare med kommunen som støttespelar.  Det er ei miljøsak å knyte Lundagrende og Bismo samen. Vi får lett adkomst til Bismo for mjuke trafikantar frå Lundagrende, folkehelse med betre tilgang til naturen og nye moglege bustadfelt. Brua er aktualisert nå etter sentralisering av skule, ny barnehagestruktur og etter flaumen 14.oktober. 

Bygdalista vil arbeide for gang- og sykkelveg nordover til Dønfoss.
Bygdalista vil arbeide for bru til Lundagrende

mandag 16. september 2019

Program til valet 2019: Grøn framtid – for barna og barnebarna våre


Bygdalista i Skjåk er opptekne av framtida for skjåkværane. 
Vi vil ha beredskap mot flaum og skred når været blir stadig villare. 
Vi vil jobbe for å ta betre vare på ressursane vi har, slik at også framtidige generasjonar med skjåkværar får det godt. Vi vil at avfall må nyttast som råstoff i større grad enn i dag. 
Bygdalista vil støtte bedrifter som bruker fornybare ressursar. Vi vil også gjere det lettare for grøne gründerar å starte eigne verksemder.

Sjølv om vi ikkje dør av at jorda blir varmare, så bør vi hjelpe dei neste generasjonane. 
Sjølv om vi ikkje er ramma av at ressursane er brukt opp ennå, så bør vi spare råstoff til våre barnebarn. Når vi bryr oss om fornybare ressursar og eit uroleg vær, er det framtida for folk i Skjåk vi er opptekne av.

Vi vil bevare sikkerheit for folk. Vi vil ha beredskap mot flom og skred, når været stadig blir heftigare.

Vi har allereie et par hundre grøne arbeidsplassar i Skjåk Energi, Glasopor, Interfil, NGR, lokal mat og reiseliv. Landbruket er særs viktig for bygda både ved stor bruk av lokale tenester og produksjon av kortreist mat.  Vi ynskjer å støtte næring som bruker fornybare ressursar, og å gjøre det lettare for grøne gründarar å starte eigen bedrift.  

Vi vil ha gang-og sykkelvegar, løyper og stiger. Det er ikkje berre eit grønt tiltak, men også vern av natur, folkehelse, trafikksikkerheit og infrastruktur for reiseliv.  

Avfall må bli råstoff for ny produksjon i større grad enn i dag. 

Bygdalista vil ha sikkerheit for folk ved uvær og i eit varmare klima.
Vi vil støtte grøne arbeidsplassar. 
Vi vil ha vedlikehald og utvikling av stigar, skiløyper og sykkelvegar.
Vi vil ha kjeldesortering i heimen.
Vi støtter lokal og kortreist mat og mindre bruk av emballasje i handelen.
Vi støtter energitiltak i bygg og grøne offentlege innkjøp.