tirsdag 29. august 2023

Barn og ungdom

Eg ble tidleg med på fotball, skøyter og anna sport. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet» med merking av 200 km stigar, vegar for skiløyper og brosjyrer for stig, fiske og kulturminner. Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi.

Det er friluftsliv og sport med barn som har teke mykje av mi tid. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting, i kulturskulen og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på politisk siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom. 

Gje barna innhald på fritida
Eg kjem til å støtte idrett og friluftsliv for barn og ungdom. Undersøk gjerne tilbodet til dømes hjå Pistolklubben, Jeger og fisk, dei ulike idrettane i Skjåkhallen eller skigruppa som alle blir drevet av ildsjelar/foreldre. Det er mange fleire som kunne vore nemnt.

Frå Bygdalista sitt program:
 - Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
 - Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
 - Støtte Skjåk Friviljugsentral

Friviljugsentralen jobbar for å få til eit ungdomshus som kan huse mange aktivitetar og vere eit stad for alle. Her kan dei unge få møte dei eldre som nyttar staden. 

Dette vil gje eit meir komplett innhald for dei yngre. 

Ta ein tur dit og sjå deg om. Det er rein inspirasjon.

Held på kontakten med barna
Næringsnettverket i Skjåk har vore i Stryn, på Åndalsnes og på Oppdal. Næringsakademiet i Stryn satsar på kontakt med barna frå tidleg alder, fylgjer dei opp med tilbod gjennom ungdomstida, under utdanning og når dei er etablert som vaksne ofte ein annan stad. Da får dei rekruttering til næringslivet i bygda, for mange vil heim att. Det gir den beste marknadsføringen ein kan oppnå og gode ambassadører for bygda.


søndag 27. august 2023

Arbeidsplassar og beredskap i Skjåk Energi

Sal/fusjon   

Ljos over Bismo

I fleirtalsvedtaket til SP i november i fjor om «vegval for Skjåk Energi (utanom Skjåk Vasskraft)» heiter det sal/fusjon. Eg har sett i det siste at nokon kallar det omstrukturering, samanslåing eller fusjon. Eg trur folk flest kallar det det same som meg, nemleg sal av SkiaakerNett, Aursjokraft og Skjåk Energi Entreprenør.    

Arbeidsplassar
Men namnet på dette har jo ikkje noko å seie for veljarane. Det som verkeleg betyr noko, er kva styret i Skjåk Energi tilrådde og SP slutta seg til: «Styret er klar over at ei slik omstrukturering på lengre sikt mellom anna kan redusere talet på arbeidsplassar i Skjåk…»

Eg forstår ikkje SP som kjempa knallhardt og godt for arbeidsplassane på Ysteriet, og ikkje no med Skjåk Energi. Kvifor ikkje same glød når det gjeld Skjåk Energi. 

AP og Bygdalista kjemper for Skjåk Energi. 

Beredskap
Dei tilsette kjenner kvar stolpe, kvar line og kvar kunde. Når uveret kjem er dei ute med ein gong og rettar feil. Raskt og effektivt med nærleik og all den detaljkunnskap dei har. Eg kjenner med trygg med Skjåk Energi i ryggen. 

Det vil komme fleire uver.  

Produktet
Skjåk Energi er eit verdifullt selskap for oss i Skjåk. Dei har fantastiske produkt som vi nesten gløymer i kvardagen. 

  • Eit godt utbygd straumnett som leverer oss rimeleg straum. 
  • Eit hundre prosent utbygd fibernett der vi får levert internett og anna digitalt innhald. 
  • Dei har ein oppetid mange vil misunne oss.

Kva nå?
AP og Bygdalista ynskjer ein prosess med bedriftsutvikling av Skjåk Energi lokalt. 


mandag 21. august 2023

Dønfoss og fokus på dei som bur og driv næring


Det som er viktig for veljarane er at både Bygdalista og SP har Dønfoss i programmet sitt. La nå vår krangel om kven som var fyrst ligge. Det har ikkje noko å seie. 

Det som betyr noko for veljarane, er at vi setter folk og næring på Dønfoss fyrst. Eg veit at AP seier det same.

Eg er berre positiv til at også SP vil vere med på laget om å styrke Dønfoss. Sjå kva Astrid Gjertsen har skrevet her om Dønfoss. Eg er lei av fokuset på datasenter på Dønfoss og alt det ville gje av plagar for folk. No er eg sikker på at vi skal få fleirtal for å sette fokus på dei som bur og driv næring på Dønfoss. 


lørdag 19. august 2023

Senterpartiet vil selje Skjåk Energi

Ja, du høyrte rett; dei vil selje Kraftverket.

Rett skal være rett; SP fekk fleirtal for å utrede sal eller fusjon av Kraftverket i generalforsamlinga (kommunestyret) rett før nyttår mot Bygdalista og AP. Men det er vel liten tvil om at det er sterke krefter i SP som ynskjer sal. Saman med seg har dei styret og leiinga i Kraftverket. 

Dei vil selje eit fullt utbygd straumnett i Skjåk som vi har betalt høg nettleige for å få på plass.
Dei vil selje eit fullt utbygd fibernett i Skjåk. 
Dei vil selje deg og meg som kundar hjå Aursjokraft. 

Framtida
Bygdalista lurar på korfor. Det dei seier sjølve er at framtida blir vanskeleg. Det har nemleg økonomi-konsulenten til styret rekna ut. Er framtida verkeleg så vanskeleg med eit godt utbygd straumnett, fibernett og 2000 kundar? 

Det var pengesløseri av SP å bruke millionar på å utrede sal av Kraftverket, og utrede eit mogeleg datasenter på Dønfoss. Bygdalista meiner at planen om eit datasenter var ein del av strategien for sal av Kraftverket. 

Alternativet er å utvikle Skjåk Energi

Dammen til gamle Måråe kraftverk

Det var skilling som Bygdalista ville brukt på å utvikle Skjåk Energi for å ruste selskapet for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, lokal styring, lokal beredskap og utbytte til kommuna. Det kan vi framleis gjere.

Arbeidsgruppa
Eg er valt til å sitte i arbeidsgruppa for å utrede salet saman med ordføraren. Og eg skal fylje mi plikt. Eg vil gjere det beste ut av det for å få eit så godt grunnlag som mogeleg. Så skal generalforsamlinga ta avgjerd utpå hausten. Slik er demokratiet vårt. Men det betyr ikkje at eg og Bygdalista er einige i sal av Skjåk Energi. 

Tett lokk på informasjon
Heile prosessen er underlagt teieplikt. Ingen får vite noko utanom det advokaten og styreleiaren vil informere om for kommunestyret. Ingen i bygda får vite noko før saka skal handsamast i generalforsamlinga som er kommunestyret. 

Men vi veit at det krev 2/3 fleirtal i generalforsamlinga for eit sal. 

Bygdalista seier nei til sal av Skjåk Energi.
Vi du i staden utvikle Skjåk Energi og sikre deg mot sal, så stem Bygdalista i Skjåk.

Morten Kielland, 1.kandidat Bygdalista i Skjåk


torsdag 17. august 2023

Vi vil utvikle Dønfoss

Astrid Gjertsen, 2.kandidat Bygdalista i Skjåk 


Min første tur til Skjåk var sommeren 1997. Turen fra Gardermoen til Kvittingen i Skjåk tok meg med storm, med de vakre gårdene, tømmerhusa, elva og den grønne dalen. Da var det postkontor på Bruvoll, og et lite sentrum med butikken for fastboende og for veifarende. Dønfoss Camping hadde allerede blitt lagt merke til langt utover kommunegrensene. Det gikk fortsatt sommerbuss til Sota Sæter og det var før Nasjonalparkene Reinheimen og Breheimen ble etablert. Mellom Rv15 og Dønfossen ligger det et verksted. Et hus min svigerfar drev som snekkerverksted. Det er fortsatt et snekkerverksted for Dønfoss Camping.

Her så jeg for meg både kafé med uteplass mot fossen. Husflid og håndverk. Få til noe som skulle gi en merverdi til de som stoppet, og kanskje skape meg en arbeidsplass. Det handler om å se muligheter i det vi har for å øke verdien og skape utvikling.

Det ble ingen kafé på Dønfoss for min del, men jeg har alltid hatt tro på at her er det et potensial. De som driver næring i området, utvikler seg hele tida. Vi har også fått Øyberget Kraftverk; For utbygger, kommune og Skjåk Almenning var det viktig å vise fram skogsdrift, gammel vatningskultur fram mot et moderne kraftverk. I inngangen til kraftverket er det et flott besøkssenter med utstilling, en liten filmsal, og de tok imot besøkende inne i fjellet de første årene. Jeg var selv guide der. 

I kommuneplaner langt tilbake har Dønfoss vært nevnt som en «reiselivsdestinasjon i Skjåk». Naturgitt med fossen, vegaskjelle, nærheten og tilgjengeligheten til fjellet på begge sider av dalføre, nå Reinheimen og Breheimen nasjonalparker.

I tillegg til det jeg allerede har nevnt så har vi det beste og største stinettet i Skjåk på Dønfoss. Stinettet er godt brukt av folk på campingplassen og fastboende. Flott lysløype for både sommer og vinterbruk.  

Når diskusjonen kom opp om å etablere et datasenter på «tippen» ved Øyberget Kraftverk ble det for Bygdalista i Skjåk viktig å sette søkelys på hele området og å gjennomføre et arbeid, en mulighetsstudie, for å kunne vurdere hva som er best å gjøre, før vi vedtar etableringer som vil kunne bli krevende og «ødeleggende» for området. 

Bygdalista er skeptiske til datasenter. Med en mulighetsstudie som vil lede til en helhetlig reguleringsplan for hele området, vil vi kunne planlegge framover og få ut et potensial som vil kunne øke verdien, i tillegg til det som allerede er etablert i området.

Vi fikk en mulighetsstudie for Bismo. Nå er planlegging for bruk av Bismo under arbeid. Arkitekter er i gang med å lage en reguleringsplan.  Bygdalista i Skjåk vil ha det samme for Dønfoss.

I en mulighetsstudie vil vi få frem nye ideer og sette søkelyset på potensialet for Dønfoss:

• Hvordan kan vi gi Dønfoss et enda bedre innhold slik at det blir et «hot» stoppunkt for enda flere?
• Hvordan kan vi få arealer til å drive næring?
• Hvor skal vi ha boligtomter?
• Er trafikksikringa god nok når stadig flere bor på Dønfoss om sommeren og bruker området?  

En mulighetsstudie og en reguleringsplan må ha hjelp av folk. Folk som kjenner Dønfoss, har ideer og ønsker. Da bygger vi en solid grunnmur for utvikling på Dønfoss for mange år framover. Vi slipper datasenter som ikke vil gi noe annet tilbake lokalt enn problemer og dårlig rykte.  

Bygdalista i Skjåk ønsker utvikling på Dønfoss. Nå står Dønfoss for tur.


torsdag 10. august 2023

Idrett og friluftsliv

Eg har fått spørsmål om eg støtter idrett og friluftsliv for barn og ungdom.  Her er det lange svaret: 

Friluftsliv

Som ung assistent-ingeniør på Raumabanen fekk bestefar tak i ein gamal smedbustad som hadde stått i jernbanetrasèen på Stuguflåten. Han fekk satt den opp ved Lesjaskogsvatnet i 1928. Vi var på hytta på Lesjaskog heile skuleferien som barn og ungdom, med fiske på Lesjaskogsvatnet og turar i skog og fjell som fylte sumaren. Det var ein enkel tilvære med og hausting frå naturen. Eg ble glad i friluftslivet.  

Da er det ikkje så merkeleg at natur og friluftsliv ble interessa min i Skjåk, med reinsjakt, rypejakt, fiske, bær- og sopplukking og fotturar.  

Idrett

Eg ble tidleg med på fotball og handball. I Skjåk ble det handball og utallege timar i Skjåkhallen og på kampar rundt i Oppland. Da vi skulle på ein gedigen handballturnering i Spania med det siste laget eg trena, dumpa vi bort i «Skjåk-prosjektet». Da fekk eg kopla saman sport- og friluftsliv-interessa mi. Saman med ein kamerat og handballaget merka vi 200 km med sti i Skjåk. Gjennom arbeidet i kommunen fekk eg den siste tida høve til å digitalisere alle vassveitene i Skjåk, og gje ut brosjyrar om fisketurar i Skjåk og Kulturminneturar i Skjåk.

Barn og unge

Vi har 4 barn og mange barnebarn. Det er friluftsliv og sport med dei som opptek meir og meir av mi tid no. Idrett og friluftsliv er viktig for barn og ungdom fordi det skaper eit fellesskap. Eg har sett mange slike fellesskap både i handballen, i rafting og på skulen i Skjåk der dei unge tek med seg kulturen herfrå vidare i livet. Slike fellesskap gjev mestring, inkludering og hindrar utanforskap. Det eg har vore med på siste år, er å framskynde innføring av fritidskort for barn og ungdom. 

Med denne bakgrunnen er det ikkje noko å lure på som politikar i Skjåk.

Så ja, eg har støtta og kjem til å støtte idrett og friluftsliv og grøne verdiar knytt til dette, for barn og ungdom og alle andre. 

Morten Kielland, 1.kandidat for Bygdalista i Skjåk  


Valprogram 2023: Våre Kandidatar

 Her er våre kandidater til valet:


Sjå programmet.

Bygdalista i Skjåk

Eg skreiv dette innlegget i Fjuken tysdag 8.august:

Eg kom til Skjåk som avløysar og fekk nokre utruleg fine år i Reppen før eg måtte attende til det yrket eg var utdanna for. Som avløysar lærte eg noko viktig om skjåkværane; nemleg solid arbeid. Ein gardbrukar sa til meg at «bygg ein solid grunnmur, så står bygget i hundreder av år». Solid arbeid er eit kjenneteikn på skjåkværen.

Einigheit

Det har kommunen gjort i lang tid. Vi har solide tenester: skulen står støtt, helsetenestene er gode og kulturen stikk djupt. Vi får ny Skjåkhall og i langtidsbudsjettet har vi vedteke å bygge ny barnehage i Bismo.  Dette er Bygdalista og dei to andre partia einige om. Vi har nokre få ueinigheiter. Vi tapte kampen mot SP om solceller på heile Skjåkhall-taket, men vant fram med framlegget om stort varmtvass-basseng saman med AP. I hovudsak er vi samde om våre kommunale tenester. Det er ikkje dette som skil oss. 

Skjåkhallen rives i desse dagar


Det er meir som sveisar oss saman i politikken. Det er verda utanfor som vil ta frå oss verdiar eller legg press på Skjåk. Staten vil ikkje prioritere distriktet. Korfor får vi ikkje den planlagde gang-og sykkelvegen nordover mot Dønfoss, korfor får vi ikkje lokalt politi, god ambulanseberedskap eller korfor er det med få års mellomrom fare for vidaregåande i Lom? Det må den distriktsvenlege regjeringa med AP og SP svare på.

Solid samarbeid

Da er det godt å sitte saman med to andre parti og diskutere oss fram til einigheit. Dette samarbeidet er solid og ein styrke for Skjåk. Vi må gjere solid politisk arbeid for å byggje gode tenester og stå mot den evige sentraliseringa. 

Solid næring

Mange har vore på omvising på Interfil og andre bedrifter, på jubileet til Skjåk Almenning, sett mange som startar eigen bedrift eller reist gjennom bygda i sommar og sett dei flotte gardane som ligg på rekkje og rad. Da veit dykk at det er gjort mykje solid arbeid frå langt attende. Dei som kjem utanfrå er ofte overraska over alt som finst i bygda vår.

Det som skil oss

Det er andre saker som skil oss. Det er datasenter på Dønfoss, kva Skjåk Energi skal gjera, næringsprosjekt, vårt fokus på barn og unge og utvikling på Dønfoss. Det siste var rett inntil SP fekk vårt program i hende under Ståk i Skjåk. No ser vi at når de har skrevet ferdig sitt program, står det også der om barnehage og Dønfoss. Det viser igjen korleis vi i Skjåk kan dra i same retning på tvers av parti, over tid! Det er kjempebra SP!

Eg saknar fleire lokale næringsprosjekt. Kvifor ikkje eit næringsprosjekt for tilleggsnæring i landbruket eller for å vidareutvikle lokalmatproduksjon? Grunnlaget er så godt og mangfaldig. Skåppå driver til dømes prosjektet Gardsgründer for alle i hele Gudbrandsdalen.

Samstundes må vi også grave opp vårt problem som er likt i mange distrkts-kommunar: Vi mister alt for mange i arbeidsdyktig alder. Snart har vi for få arbeidstakarar til alle bedriftene og landbruket i Skjåk. Næringsnettverket har starta eit prosjekt for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Det støtter Bygdalista heilhjerta og har prioritert å delta på alle invitasjonar frå Næringsnettverket. Det er slik vi må fortsette alle saman framover - saman og på lag for bygdas beste. 

Bygdalista har 3 retningsliner:

- Styrke næringslivet
- Barn og unge
- Miljøtiltak

Les programmet vårt folkens, og støtt oss så vi får eit mangfald av hugu som kan tenke saman. Sjå: https://bygdalista.blogspot.com/2023/08/program-for-bygdalista-i-skjak.html 

Fyrstekandidat på Bygdalista i Skjåk, Morten Kielland


tirsdag 1. august 2023

Program for Bygdalista i Skjåk ved valet 2023

 

Næringsnettverket - synfaring hos Krux på Oppdal

Næringsliv

For å styrke næringslivet i Skjåk, er vi avhengige av tilgang på lokal arbeidskraft.

Framskrivinga av folketallet viser at folk i arbeidsdyktig alder kan koma til å gå ned med 179 personar på 10 år. Næringsnettverket har nyleg starta eit forprosjekt, for å kartlegge korleis næringslivet kan samarbeide for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Dette er eit viktig arbeid som kan vere ein del av løysinga, og vi støtter næringslivet i dette arbeidet.

Kommuna har fokus på marknadsføring av Skjåk. Bygdalista meiner vi må jobbe enda meir aktivt med å få fleire til å flytte til Skjåk, til dømes gjennom aktivt sal av Skjåk. Viss vi skaffer namn på utflytte skjåkverer siste 30 åra og potensielle innflyttare, kjenner til ledig arbeid i bygda og veit kven som har ledig husvære, er det starten på sal av Skjåk til utflytta skjåkværer og andre. Salet skal ende opp i å ta imot alle innflyttare og gjere dei rotfesta. Det vil styrke næringslivet, styrke økonomien i bygda og gje bygdeutvikling.

Barn og unge

For å gjera det enda betre å vere ung i Skjåk vil vi:

 - Arbeide for å få ein ungdomskontakt til bygda
 - Ynskje eit ungdomshus i Skjåk velkomen
 - Auke støtta til Skjåk Friviljugsentral

Klima og miljø

Vi støtter opp om tiltaka i Klima-og miljøplanen som kommuna utarbeider. Døme på gode tiltak er:

- Enøk i kommunale bygg
- Ekstra stønad til bedrifter med klima-og miljøfokus
- At fleire av oss sykler til arbeid

Vi vil utvikle Skjåk Energi

og seier derfor nei til fusjon eller sal av Skjåk Energi.

Bygdalista meiner at eit betre alternativ er å utvikle Skjåk Energi for å ruste det for framtida, og såleis sikre arbeidsplassar, låge straumprisar og lokal styring.

Ved sal eller fusjon av Skjåk Energi Entreprenør, Aursjokraft og Skiaaker Nett får kommuna mest truleg eit aksjebyte. Det vil seia ein forsvinnande liten aksjepost i eit større selskap, og vi mistar i realiteten all styring.

Vi er skeptiske til datasenter på Dønfoss

Vi treng meir datalagring i Norge. Men Bygdalista meiner at vi må ha gode, nasjonale føringar på plass fyrst som vil sikre oss ei berekraftig og føremålstenleg drift av eit eventuelt datasenter i Skjåk. 

Vi seier nei til eit datasenter som ikkje nyttar det enorme utslippet av spillvarme, eller der drifta er delvis basert på kryptoutvinning. Bygdalista seier ja til ei god, sikker og grøn løysing i framtida.

Vi vil utvikle Dønfoss

Vi ynskjer å utvikle næringsliv, bustader, turisme og friluftsområder på Dønfoss. Derfor treng vi ein reguleringsplan på Dønfoss.



fredag 11. desember 2020

Desember 2020: Skal vi velge slakteri eller framtida?

Jeg skrev dette innlegget på debatt i GD 14.des 2020: 


Det er knyttet betydelig økonomisk risiko til et kommunalt industribygg for slakteri på Otta. Marginene ved skjæring av kjøtt er små. Overkapasitet på slakterier og reduksjon i forbruk på rødt kjøtt betyr ytterligere faresignal. Terje Wester i Fatland sier det er en utfordring å ta nye 5% markedsandel i Norge.Det er framtidsutsiktene til et nytt slakteri som skal finansiere drift av et kommunalt industribygg.

En betydelig problemstilling har vært at bankene og investorer ser bygging av nytt industribygg i regionen som risikofylt. Kommunene i Norddalen er invitert til å investere i industribygget. Kommunene tar da risiko knyttet til industribygget, som skal finansieres gjennom leieinntekt fra slakterivirksomheten.

- Under bygging er risikoen knyttet til fare for at budsjettet sprekker. 

- Hvis slakteriet får dårligere inntjening enn budsjettert, kan vi se langt etter avkastning på innskutt kapital. 

- Hvis slakteriet går konkurs, taper vi innskutt kapital. 

- Risikoen i en slik situasjon kan reduseres ved at industribygget leies ut til ny slakterivirksomhet. Da kan kommunene bli "tvunget" til å gå inn med mer kapital for å sikre vidare drift og med det unngå tap av innskutt egenkapital.

Skjåk har vært gjennom flere kommunale industribygg, og sist nå var Dovre gjennom sitt bygg for en møbelbedrift. Historiene fra kommunale industribygg er lite hyggelig.

Endelig kommer kommentaren om alternativ bruk av 50 mill kr. Hallvard Grotli skriver i GD: Bygg en sentralt beliggende campus for IT-yrker, kommunikasjonsyrker, utviklingsmiljøer, kompetansemiljøer.

Dette er framtida. Vi ber kommunene om å løfte blikket og tenke strategisk.

Morten Kielland, Kommunestyrerepresentant for Bygdalista i Skjåk.