mandag 18. september 2023

Gode gutter profilerer god ost

På bildet ser du orførarkandidater før valet frå Lom og Skjåk, som vil slå eit slag for å at TINE skal halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsost her på grensa mellom Lom og Skjåk.

Eg veit ikkje heilt når, men det var tidleg at brunosten var på brødskiva. Eg veit vi fekk ho kvar formiddag på skiva på hytta på Lesjaskog med ein liten klatt rørt tyttebær eller jordbær på. Det var saker det! Det må ha vore brunost frå Lom og Skjåk Ysteri, for ho brakk ikkje av i kanten når mor skar ho. Gudbrandsdalsost blir produsert fleire stader, men det er berre osten frå Lom og Skjåk som ikkje brekk i kanten.

Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir grytekokt slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike konsistensen og smaken. Det sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur.


 

tirsdag 12. september 2023

La G35 Leve i Lom og Skjåk!

Onsdag 27. september skal styret i TINE behandle ei innstilling om kvar Gudbrandsdalsosten skal produserast i framtida. Det betyr at produksjonen i Gudbrandsdalen står i fare for å bli lagt ned. Innstillinga er utarbeida av ei prosjektgruppe i TINE, med ei anbefaling dei ikkje vil dele.  

Vi synes det er spesielt synd at ein samvirkeaktør som TINE ikkje er meir opne og let bønder som er eigarar av TINE, dei tilsette ved ysteriet i Lom og Skjåk, lokalbefolkninga og heile det norske folk få innsyn i grunnlaget før avgjerdsla blir fatta.

Dersom TINE vurderer å legge ned produksjon av Gudbrandsdalsosten i nettopp Gudbrandsdalen, kva sitt vi att med da? Berre ein heilt vanleg ost, utan moglegheit til den viktige historieforteljinga som gjer at den framleis er ein viktig del av nordmenn sitt liv, vår kulturarv og vår tradisjon.  Det som gjer at den har sin faste plass på alle frukostbord, og i dei fleste matpakker.

Aksjonen i 2010/2011 vant fram
«La G-35 Leve!» var ei av Norges fyrste folkeaksjonar i sosiale mediar. Meir enn 51 000 nordmenn over det ganske land, og relativt mange også i utlandet, sa høgt og tydeleg ifrå om at dei ynskjer å bevare vår nasjonale stoltheit. Den ekte Gudbransdalsosten, noko av det «norskaste» og «stoltaste» vi har. Norge treng ikoniske merkevarar og produkt som tek vare på og styrker vår identitet. Den ekte Gudbransdalsosten har denne krafta!

Det er berre på anlegget til TINE Lom og Skjåk at Gudbransdalsosten blir produsert i ei gryte slik Anne Hov gjorde det i 1863. Det er det som gir den unike smaken, det som sikrar bevaring av tradisjonsrik mat og kultur. Som Arne Brimi så treffande sa det på Gudbrandsdalsosten sin dag 17. mars 2021; «God rauost kan du ikkje lage på PC.»

Ny kamp for Gudbrandsdalsosten
Vi håpar TINE forstår at vern om vår nasjonale stoltheit er akkurat like viktig i dag som det var for 12 år sidan, om ikkje viktigare. Vi, og mange med oss tykkjer dette er så viktig at vi har bestemt oss for å ta opp kampen for å sikre produksjon av den ekte Gudrandsdalsosten, der den høyrer heime. Det betyr at vi bles nytt liv i Facebook-sida og aksjonen «La G35 Leve!».

Vi håpar på stort engasjement og at heile det norske folk viser si støtte til Gudbrandsdalsosten og fortel leiinga og styret i TINE kor viktig det er at dei tek vare på vår nasjonale stoltheit.

I desse valtider er det også verd å merke seg den breie politiske einigheita om kampen for den ekte Gudbrandsdalsosten. Både dagens ordførarar og samtlege ordførarkandidatar stiller seg bak kravet om at Gudbrandsdalsosten må produserast i Gudbrandsdalen dersom den framleis skal vere vår nasjonale stoltheit og merkevarebyggjar av norske verdiar og tradisjonar.

Det handlar om noko som er større en oss sjølve. TINE er mjølkebonden sitt selskap, og er det noko den norske bonden er god på så er det å tenke langsiktig. Det same skal vi gjere. For eigarane våre. For Norge.

Dette er TINE sin visjon. La oss håpe at dei framleis lyttar til, og respekterer viljen til det norske folk. «La G-35 Leve!» i Gudbrandsdalen!

Oppropet er signert av:
Lom kommune
Ordførar i Lom: Bjarne Eiolf Holø
Ordførerkandidatar i Lom:
Bjørn Ola Aukrust, AP
Kristian Frisvold, Bygdalista
Kjell Brandsar, Lomsliste
Magnus Bø, SP
Frøydis Ø. Marstein, Tverrpolitisk liste

Skjåk kommune 
Ordførar i Skjåk: Edel Kveen
Ordførarkandidatar i Skjåk: 
Stig Banken, AP 
Morten Kielland, Bygdalista 
Edel Kveen, SP

Tusen takk til alle i Skjåk som har røysta på Bygdalista


5 representantar er bra. 

Kva skjer i ettermiddag? Slengarar og personrøyster skal endeleg tellast, og vi får vite kven som kjem inn i kommunestyret. 8 av representantane i dag var ikkje på val no, så halve kommunestyret blir nytt.

Uansett korleis det går, så går det greit for min del. Skjåk si styrke er samarbeid. Det har vore 4 fine år, med både medgang og motgang. Eg skal arbeide for det beste i Skjåk i opposisjon.


lørdag 9. september 2023

Dønfoss og utvikling

Takk Kristen Haugen Dagsgard for ditt innlegg om datasenter i Fjuken 8.september. Eg veit at du er skeptisk til datasenter på Dønfoss og vil utvikle Dønfoss. Her vil eg komplettere historia med protokollen frå Formannskap og protokollen frå Kommunestyre

14.feb 2023 i Formannskapet
Forslag frå meg i Bygdalista: Reguleringsplanen skal inkludere heile Dønfoss. Saken blir lagt fram att for å få ein moglegheitsstudie på Dønfoss og fastsetting av grenser for planområde. Datasenter skal ikkje vere eit formål for etablering på næringsområdet.

Forslaget falt med berre min stemme for. Men vi skal ta med oss at Kristen snakka positivt om ein moglegheitsstudie på Dønfoss.

Forslag frå Kristen Haugen Dagsgard i SP: Godkjenning av reguleringsplanen for Øyberget under føresetnad om at datasenter blir teke ut som formål for etablering. Gjeldande formål for etableringar blir næringsverksemd med hovudvekt på lett industri, verkstad og lager som gir lite støybelastning og støvutslepp mot omgjevnaden. Innanfor ei periode på 5 år skal det gjerast ei evaluering av reguleringsformål for området.

Forslaget frå Kristen Haugen Dagsgard vart vedteke mot 2 stemmer frå SP og AP. Det var da det beste Kristen og eg kunne få til.

23.februar i Kommunestyret
Fleirtalet i kommunestyret vedtok 23.februar i år å regulere Øyberget næringsområde, noko som kan bety at dei er eit steg nærare eit datasenter i Skjåk. Mindretalet stemte for  framlegget frå Kristen Haugen Dagsgard om å ikkje tillate datasenter. 

Fleirtalet med 9 mot 8 vedtok at eit datasenter kan etablerast på området etter desse reglar:

  • Etiske retningsliner for etablering i planområde må godkjennast av Skjåk kommune. Dei skal bli innlemma i framfesteavtala.
  • Alle ynskje om etablering i planområdet skal politisk handsamast i Formannskapet. Ved eit eventuelt datasenter skal følgande regler gjelde og vera tilknytt framfesteavtala: 
  • Støy innafor grenseverdiane, men som likevel skaper sjenanse, skal løysast.
  • Bygningens skal ikkje skape unødig visuell «forureining».
  • Eit datasenter skal har ein plan for gjenbruk av mest mogleg spillvarme.
  • Eit datasenter skal har ein plan for verdiskaping og arbeidsplassar.
  • Det skal ikkje utvinnast kryptovaluta.

Det var spillvarme og kryptovaluta som mindretalet 2 frå BL, 4 frå AP og 2 frå SP, var skeptiske til. Spillvarmen frå den eine interessenten som har vore i biletet, tilsvarande energiforbruket i alle bustader i Ottadalen. På folkemøtet på Dønfoss sa interessenten at ein tredjedel truleg ble kryptovaluta.

Så langt eg veit er det dette som kan skje no:
Senterparitet, Bygdalista og Arbeiderpartiet har alle programfesta ein moglegheitsstudie og framtidig utvikling av Dønfoss-området.

  • Kommunen skal feste arealet på 112 da frå Øvre Otta DA og Skjåk Almenning.
  • Kommunestyret skal godkjenne etiske retningsliner for etablering. Retningslinene  skal bli innlemma i framfesteavtala mellom kommuna og tomtesøkar.
  • Kommunestyret skal finansiere utbygging av veg, vatn og kloakk for området.
  • Kommunen skal utlyse anbod på utbygginga.
  • Ein entreprenør skal byggje ut næringsområdet med vatn, veg og kloakk med kommunen som byggherre. 
  • Dersom eit datasenter søker, skal avtalen om framfeste handsamast av Formannskapet.

Er det aktuelle søkarar?
Fjuken har prøvd å få innsyn i prosessen rundt interessentar.
Så vidt eg veit har verken politikarar eller bygdafolk kjennskap til dei som er interessentar, eller korleis arbeidet føregår. Unntaket er den eine interessenten som heldt foredrag på folkemøtet på Dønfoss.


torsdag 7. september 2023

Datasenter i Skjåk: Det som er presentert som moglege løysningar, er ikkje særskilt tillitsvekkande

 Ditt og data

For en generasjon siden, var dette
datasenteret for Norddalen
Eg trivst godt med den digitale verda. Eg frydar meg over alle tenester som blir digitaliserte, brukar aktivt sosiale media av ymse slag, og er ein storforbrukar av forskjellige applikasjonar. Det som gjer livet lettare, eller tenester betre, famnar eg hjarteleg om. Eg er nok litt meir atthalden om alle SOME-kanalar gagnar menneskeheita, men den totale rekneskapen vil eg påstå endar på pluss-sida. 

Utviklinga går i ein forrykande fart, og når ein ser kor mykje som skjer i feltet rundt kunstig intelligens, spår eg at verda om 10 år ikkje kjem til å vera attkjennande for dei fleste av oss. Det er berre å hengje på for harde livet. 

Saman med utviklinga og auka digitalisering kjem og nauda for meir lagringsplass og prosesseringkraft, og da kjem vi inn på debatten om plasseringa av eitt datasenter i Skjåk. Du har vel ikkje gløymt den? 

Bygdalista tok tidleg eitt klårt standpunkt i denne debatten, og er både særs skeptiske og horveleg negativt innstilte til det som har vore presentert. Det eg synest er viktig å få fram er at BL ikkje er nokon motstandar av datasentre på generelt grunnlag. Det kan vera eitt positivt tilskot i ei bygd, og moglegvis vera noko vi alle ynskjer velkomen. Men vi må ta lærdom av kva som skjer både norda, og synna tunnelane. Dei siste åra har lokalavisane rundt om vore jamne med artiklar om nyoppretta datasentre i forskjellige små, og store kommunar som absolutt ikkje blei noko å smelle på framsida til kommunenettsida. Profesjonelle seljarar tvinnar småkommunar rundt vetlefingeren. Dei blendar oss med lovnadar om arbeidsplassar og gode inntekter, og førespeglar ei framtid der nett vi skal bli sentrum i ein digital revolusjon som verkeleg sett oss på kartet. I røynda risikerer vi å ende opp som grannane våre lenger nedover dalen med ein konteinar rigga for utvinning av kryptovaluta, ei enorm tapping av sårt trengde kraftressursar med tilhøyrande utslepp av spelvarme, inntekter som forsvinn ut av landet, og sit att med ingen nye arbeidsplassar, litt slettare omdøme og tilnærma null samfunnsverdi. I regjeringa sin rettleiar for etablering av datasentre (denne bør du ta ein glytt på), er dette nemnt som eitt konkret eksempel:

Einskilde norske kommuner har seld tomt til prosjekt som seinare har skifta føremål, for eksempel frå å tilrettelegge for etablering av eit «hyperscale» datasenter med fleire arbeidsplassar og tydelege ringverknadar, til rein kryptoutvinning med særs få arbeidsplassar. Då er det viktig at kommunen ved høve har etablert ein god gjenkjøpsavtale med tydelege kriterium for kva som utløyser moglegheita for gjenkjøp.  (www.regjeringen.no)

Det er lukkelegvis ikkje prat om noko sal av tomt i dette høvet, men eg kjenner meg likevel usikker på om ei kommune verkeleg kan sikre sitt høve til å kunne etterprøve at ein aktør held seg innafor sette rammer når dei fyrst er komne i gang. 

Det som til no har vore presentert som moglege løysningar i Skjåk, har ikkje vore særskilt tillitsvekkande. Argument som lagring av sensitive data blir fort sabla ned, da førespegla infrastruktur ikkje kan handsame dette. Problemet med spelvarmen blir freista feia bort med algeproduksjon, som i røynda vil vera enda meir energikrevjande. Det blir sagt at det ikkje er mogleg å utvinne kryptovaluta i eitt slikt anlegg, noko fagfolket avslørar som, i beste fall, ei sanning med modifikasjonar. Alt dette kom fram på informasjonsmøtet tidlegare i år (som i seg sjølv var eitt skjerandes godt tiltak).

Bygdalista meiner at ei eventuell etablering av eitt datasenter, eller datalagringssenter, ikkje bør hastast fram. Det må gjerast eitt grundig arbeid i førekant som sikrar at eitt slik prosjekt vil både vera berekraftig og føremålstenleg for bygd, nasjon og framtid. Og det må sjølvsagt vurderast om innbyggjarane ynskjer det hit i det heile teke. Det er og nett no eitt endringsforslag av ekomloven, og ekomforskrifta på høyring som inkluderar ei betre datasenterregulering, og høgare sikkerheitskrav til alle aktørar som moglegvis kan vera ei støtte for nye datasenterkommunar i framtida.

Fram til da vil eg nytte høvet til å oppmode alle til å heller gjera ein liten innsats sjølve. Rydd i e-postane dine, meld deg av reklameutsendingar,  vurder om du treng å poste den same dansevideoen på TikTok 10 gonger, og slett duplikata av feriebileta dine. Kanskje vi kan nytte denne datalagringsplassen til noko anna?

Tom André Hånsnar, 3. kandidat for Bygdalista i Skjåk


mandag 4. september 2023

Moglegheitsstudie for Bismo og kommunal informasjon


Kommuna inviterte til folkemøte 25. april på Ungdomsskulen. Der ville kommuna vite kva folk meinte om den fysiske utforminga av Bismo.

Eg meiner at det krev at kommuna informerer skikkeleg om framdrifta i saka. Da er det merkeleg at ikkje kommuna har lagt ut Planbussen sitt arbeid på sine heimesider. 

Vi fekk eit snart 3 månader gamalt brev som referatsak i siste kommunestyremøte. Merkeleg nok lå ikkje brevet offentleg på kommuna sine heimesider, men det lå på Ipaden til oss folkevalde. Her fortel Lom og Skjåk Plankontor om framdrifta til moglegheitsstudien.  

Da får eg fortelje om framdrifta for planarbeidet i Bismo
Det var tverrpolitisk einigheit om planarbeidet i Bismo.
Selberg Arkitektar AS fekk i januar 2023 oppdraget frå Skjåk kommune med å utarbeide ein moglegheitsstudie og trafikkanalyse for Bismo. 

  • Arkitektstudentar frå NTNU/Planbussen var i Bismo i vår.
  • 25.april var det folkemøte.  
  • 1.juni var det framvising av Planbussen sitt arbeid på kommunehuset. Så vidt eg kan sjå var dette ikkje annonsert.
  • 12.juni var det statusmøte for kommunen med Selberg arkitektar. 

Synfaring, ope møte, møte med aktørar, spørjeskjema, skisser og ide-boks på biblioteket, e-post og anna ligg nå til grunn for sluttrapporten av moglegheitsstudiet. 

Sluttrapporten skal ha

  • illustrasjonar og 3D-modell av Bismo. Stikkord: mobilitet, fartshierarki, funksjonsfordeling, sambruk, attraktivitet.
  • Ein scenarie: Bismo i 2050.

Moglegheitsstudiet skal danne grunnlaget for sjølve reguleringsplanen for Bismo. Når folk på folkemøtet ble invitert inn i prosessen, så bør det vere naturleg at dei løpande blir orientert på heimesida til kommuna.