Haust og tid for politikk |
Samarbeid var ein av våre viktige saker ved valet. Og samarbeid med AP og SP er det. Det "funker" i Skjåk. Vi har gode diskusjonar med AP, og vi har fått tillit og blir teke med i politisk arbeid av SP.
Det viktigste vedtaket som Bygdalista står bak, var at Skjåk skal lage ein omdømmestrategi og ein nærings-strategi og ein ny miljø-og klimaplan. Eit næringsliv i utvikling var også vår viktigaste valkamp-sak. Det er grunnlaget for attende-flytting og ein grunnmur for kommunale tenester. Da er det gledeleg at det var full enigheit om dette i kommunestyret.
Politikk er seint arbeid. Det tek tid før ein plan blir laga, og enno lenger tid før planen blir realisert. Vi må berre innsjå det. Men føresetnadene er gode når samarbeidet med andre parti er godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar